Annonse

Godstog førte til brann på ti stader langs Bergensbanen

Det har natt til onsdag brent ti stader langs Bergensbanen. Årsaka er truleg bremsegneistar frå eit godstog, ifølgje Bane Nor.

- Vi har sløkt minst ti brannar mellom Voss stasjon og Ygre. Brannane har vore av ulikt omfang. Vi har ettersløkt og dynka. No skal vi inspisere langs linja så langt det er farbar veg, det vil seie heilt opp til Upsete. Både bilar og ei vassvogn blir med på inspeksjonen, fortel varabrannsjef på Voss Geir Ove Pedersen til Bergens Tidende.

Politiets innsatsleiar Kjetil Øyri fortel at dei no jobbar med å finne ut kva som har skjedd.

Bane Nors presseteneste opplyser at brannane truleg kjem av bremsegneistar frå godstog.

Bergensbanen var stengt som følgje av brannane, men like før klokka 6 onsdag morgon opplyser Bane Nor at banen er opna igjen og trafikken går nesten som normalt.

Nokre lokaltog er innstilte, mens nattoget frå Oslo er forseinka med halvannan time.

(©NPK)

Annonse