Graderte dokument funne hjå tidlegare visepresident Mike Pence

Eit tital graderte dokument frå Mike Pences periode som visepresident er funnen i heimen hans i Carmel i Indiana, melder CNN.

Funnet er gjort av ein av Pences advokatar, melder nyheitskanalen. Dokumenta skal vore overlatne til FBI.

FBI og justisdepartementet i Washington går no gjennom materialet. Dei skal også avklare korleis dokumenta hamna i huset i Indiana.

Oppdaginga kjem i kjølvatnet av fleire funne av gradert materiale på avvegar frå Joe Bidens periode som visepresident.

Annonse