Klargjør siden...
Annonse

Grasbrann på Øya i Kragerø sløkt

Alle tilgjengelege mannskap ved Kragerø brannvesen måtte kjempe for å halde flammane unna hus og folk på Øya utanfor Kragerø da det oppstod brann i terrenget.

Brannane byrja tysdag kveld. Like over midnatt natt til onsdag vart ni personar evakuerte ettersom faren for at brannen skulle spreie seg, var stor.

- Det brenn kraftig i vegetasjonen i nærleiken av Møllerstubakken 22. Grasbrannen er kraftig, og vindretninga går mot område med hus. Det er sett i gang evakuering av folk frå dei nærmaste adressene, som dreier seg om fem hus, sa operasjonsleiar Marianne Mørch ved Søraust politidistrikt til NTB.

Etter nokre hektiske timar melde Søraust politidistrikt på Twitter at brannen så å seie var sløkt, bortsett frå ein del glør i nokre buskar. Brannvesenet måtte likevel halde på ei stund til, ettersom spreiingsfaren var stor i det tørre terrenget.

Åtte av dei ni personane hadde i 4- tida fått flytta heim igjen. Den siste personen måtte vente på grunn av ettersløkkingsarbeidet rundt bustaden hennar.

Brenn bål

110 Telemark melde om brannen på Twitter rett før midnatt. Søraust politidistrikt fortalde samtidig om kraftig bålbrenning sør på Øya, men brannvesenet ville ikkje umiddelbart leggje skulda på bålbrennarar.

- Brannen er i eit område der vi har hatt mange utrykkingar på grunn av bålbrenning, men så tørt som det er no, kan årsaka vere nesten kva som helst, sa operasjonsleiar Richard Kvalsvik ved 110 Telemark.

Utover kvelden melde eininga om brannmannskap som rykte ut til Kragerø, Tinn og Porsgrunn etter bålbrenning, noko som førte til ei litt frustrert melding.

- Det er observert svært mykje bålbrenning i Telemark i kveld, og mange har gløymt den ekstremt høge skogbrannfaren. Glør frå desse båla kan føre til brann i lang tid i etterkant, så ver gode å avstå frå dette, oppmoda brannvesenet i Telemark på Twitter tysdag kveld.

Treng beredskap

- Det som kanskje kan vere et lite og koseleg kveldsbål i strandkanten, kan skape mykje hovudbry for oss og i verste fall få store konsekvensar, seier Kvalsvik

Han minner om farane og ber folk bruke hovudet.

- Bål lagar glør, og glør kan starte flygebrannar langt, langt unna bålet, både i tid og avstand. Når vi må rykkje ut og sløkke slike småbål og brannane som dei startar, betyr det at vi må svekkje beredskapen på eit tidspunkt der det er viktigare enn nokon gang at han er på topp, seier han.

(©NPK)

Eit tilsynelatande lite bål kan føre til store skadar no som det er tørt i skog og mark. Her frå Huk i Oslo. Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Annonse