Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Miljøorganisasjonen Greenpeace har funne mikroplast og miljøgifter i aude område i Antarktis.
Magnus.Braaten@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 08.06.2018 kl 08:11
Dermed veks lista over avsidesliggjande stadar på kloden der det er funne plastrestar og anna forureining.
Tidlegare i år vart det kjent at plastsøppel var funne på det djupaste havdjupet i verda, og på ein av dei mest avsidesliggjande øyane i verda. På øya i Stillehavet fann forskarar 18 tonn plast.
I Antarktis tok Greenpeace ei rad prøver under ein ekspedisjon for nokre månader sidan. Mikroplast, som blant anna kom frå klede og fiskeutstyr, vart funne i sju av åtte vassprøvar.
Giftige kjemikaliar av typane PFAS og PFC vart funne i snøen i aude område på kontinentet. Fleire av prøvane vart tatt av nysnø, noko som tyder på at kjemikaliane stammar frå forureina nedbør.
- Antarktis kan sjå ut som urørt villmark. Men også denne enden av verda er allereie forureina av miljøgifter frå tekstilindustrien og restane av plast-galskapen, seier Thilo Maack frå Greenpeace.
Plastforureininga har fått større merksemd etter at ein sjuk kval vart funnen med magen full av plastposar på Sotra utanfor Bergen i fjor.
Enorme mengder plast hamnar kvart år i naturen i store delar av verda. Den global plastproduksjonen, som i fjor låg på 8 milliardar tonn, er anslått å auke til 34 milliardar tonn i 2050.
(©NPK)
Snø og is ved Jutulsessen i Antarktis. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.