Klargjør siden...

Gruvearbeidarar omkom i gruveulykke i Kina

Minst elleve gruvearbeidarar omkom og 25 andre er innesperra etter ein eksplosjon i ei jerngruve i Kina, melder statlege medium.

Ni personar er redda ut frå gruva med skader, men livet skal ikkje vere i fare for nokon av dei.

Ulykka skjedde tysdag i ein jerngruve i Liaoning-provinsen nordaust i landet. Gruva er eigd av det statseigde konglomeratet China National Coal Group.

Årsaka til eksplosjonen er ikkje kjent, og det er heller ikkje opplyst korleis redningsarbeidet går.

Gruveulykker skjer relativt ofte i Kina på grunn av mangelfull tryggleik.

(©NPK)

Annonse