Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Heilt sidan tenåra har Gunhild Stordalen (39) visst at ho var sjuk. Det skriv ho i boka «Det store bildet».
innenriks.vaktsjef@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 17.09.2018 kl 18:29
I biografien, som er ført i pennen av Jonas Forsang, skriv Stordalen at ho fekk dei første sjukdomsanfalla allereie på vidaregåande skule. Likevel gjekk det lang tid før ho i oktober 2014 fekk diagnosen systemisk sklerose, ein døyeleg autonom bindevevssjukdom. Eitt år tidlegare grunnla ho hjartebarnet sitt, EAT Foundation, som arbeider for ein sunnare og meir berekraftig matindustri.
Under heile oppveksten heldt ho anfalla hemmeleg, skriv Dagbladet.
"Men jeg visste. Jeg visste, slik jeg alltid hadde visst. Slik jeg hele livet hadde fortrengt. Alle anfallene. Alle gangene jeg hadde hovnet opp. Alle gangene jeg hadde blitt akutt dårlig. Selvfølgelig hadde noe i meg visst at jeg hadde en underliggende sykdom. Jeg ville bare ikke innrømme det for meg selv", heiter det i eit utdrag frå boka som VG siterer.
I boka tek Stordalen òg eit oppgjer med sitt eige liv som storforbrukar etter at ho vart gift med milliardær Petter Stordalen, skriv Dagens Næringsliv.
- Vi har eit forbruk og ei reiseverksemd som gjer det vanskeleg å ikkje verke dobbeltmoralsk, skriv ho mellom anna.
- Sjølv om Petter og eg kjøper klimakvotar for å kompensere det private forbruket vårt, og vi prøver å velje så berekraftig som mogleg, går det omtrent ikkje ein dag utan at eg møter meg sjølv i døra, innrømmer ho i boka.
(©NPK)
Gunhild Stordalen fortel om både livet, sjukdommen og det dårlege miljøsamvitet sitt i boka «Det store bildet». Foto: Christine Olsson/TT / NTB scanpix