Klargjør siden...

Gut (16) omkom i ulykke med vasscooter og båt på Rosfjorden

En 16 år gammal gut er død etter ein samanstøyt mellom ein båt og ein vass-scooter på Rosfjorden i Lyngdal i Vest-Agder.

I tillegg til den omkomne guten var ytterlegare to gutar, éin på 15 år og ein på 17 år, involverte. Ifølgje politiet er dei truleg lettare skadde. Dei er frakta til Sørlandet sjukehus Kristiansand.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 0.43.

- Vi vart varsla av folk som høyrde samanstøyten, og som deretter høyrde rop om hjelp, seier operasjonsleiar Atle Loven i Agder politidistrikt til NTB.

Politi, helse, brannvesen og redningsskøyta Kaptein Skaugen vart sende til staden, og det viste seg å vere snakk om ein samanstøyt mellom båt og vass-scooter. Hendingsgangen er førebels ikkje kjent.

- Det var éin person i båten og to på vass-scooteren. Den eine på vass-scooteren vart stadfesta omkommen, seier Loven.

Politiet har rutinemessig tatt blodprøver av dei involverte, men det er ikkje mistanke om rus.

- Vi har sikra oss dei to fartøya og skal gjere kriminaltekniske undersøkingar. I tillegg gjer vi avhøyr av dei involverte og eventuelle vitne som vi ikkje har snakka med, fortel Loven.

Ulykka skjedde mens natta var på det mørkaste, forklarer operasjonsleiaren.

(©NPK)