Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Frp-politikar Carl I. Hagen meiner statsminister Erna Solberg (H) skulle ha støtta Sylvi Listhaug etter Facebook-innlegget framfor å kritisere ordbruken.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 12.03.2018 kl 20:19
- Det er utidig av statsministeren å kommentere Sylvi Listhaugs Facebook-innlegg slik ho gjorde. Når nokon heng bjølla på katten, så burde ho gi full støtte i avveginga mellom rettstryggleik for norske borgarar og om terroristar skal behalde pass og få vere i Noreg, seier Hagen til Aftenposten.
Hagen meiner Listhaug har heilt rett når ho på Facebook hevda at Arbeidarpartiet valde å prioritere interessene til terroristar framfor tryggleiken for norske borgarar, og han opplever at ho har stor støtte både i eige parti og blant mange Høgre- og Ap-veljarar.
Han kritiserer samtidig Arbeidarpartiet for å bruke terrorangrepet 22. juli politisk.
- No må dei slutte å dra Utøya-kortet kvar gong ein aktuell politisk debatt om flyktningar, asylsøkarar og innvandrarar dukkar opp. Dei kan ikkje kneble Frp-folk ved å dra Utøya-kortet, seier han.
(©NPK)
Carl I. Hagen er lite fornøgd med Erna Solbergs kommentarar om Sylvi Listhaugs Facebook-innlegg. Han meiner statsministeren burde ha gitt justisministeren sin ros i staden for å kritisere henne. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.