Halep-karikatur skapte sterke reaksjonar

Ei karikaturteikning av tennisstjerna Simona Halep i den franske satiriske avisa Charlie Hebdo har vekt sinne i Romania.

Karikaturteikninga viser rumenske Halep, som nyleg vann den prestisjetunge Roland-Garros-turneringen i Paris, som ein sigøynarkledd skraphandlar.

På teikninga held Halep opp Paris-trofeet og ropar «Gammalt jern! Gammalt jern!»

Det skapte straks sterke reaksjonar i sosiale medium.

Den franske ambassadøren til Romania, Michele Ramis, forsvarte fredag «ytringsfridomen og den frie pressa» og la til at karikaturen ikkje representerer den franske folkemeininga.

Halep, som blei motteken som ein helt då ho kom heim til Romania etter Grand Slam-sigeren i Frankrike, seier ho «ikkje er i posisjon til å kommentera» den omdiskuterte teikninga.

(©NPK)

Ei karikaturteikning av Simona Halep har skapt reaksjonar. Foto: AP Photo/Thibault Camus / NTB scanpix

Annonse