Halvparten skal på utanlandstur i sommarferien

I ti fylke vart det sett varmerekordar i Noreg i mai. Likevel bestiller 58 prosent av oss utanlandstur i sommar, viser ei undersøking frå Virke Reise. 

- Sjølv om Sør-Noreg badar i solskinn om dagen, legg ikkje dette nokon dempar på feriebestillingane til
utlandet, seier Sverre McSeveny-Åril, direktør
for Virke Reise utland.
Årsaka trur direktøren kan vere at mange allereie har bestilt turen, og dei fleste veit at vêret fort kan forandre seg her heime.

Dei høge temperaturane gjer kanskje også at vi blir meir ferielystne. Heile 78 prosent svarar i undersøkinga at dei planlegg ferie i sommar, enten det er på hytta, camping eller utanlands.

- Reiselysta er stor, og det
ligg an til å bli eit godt år både for utanlandsreiser og reisemål i Noreg, seier Line Endresen Normann,
direktør for Virke Reise Noreg.
Dei fleste som reiser, opplyser at å vere med venner og familie er det som lokkar mest. 76 prosent oppgir dette som hovudføremålet med ferien.

På andreplass over kvifor vi reiser på tur, kjem bading og soling, og på tredjeplass følgjer det å oppleve nye stadar.

Undersøkinga viser vidare at vi i gjennomsnitt brukar 40.650 kroner på ferie. Det er ein liten auke frå 40.200 kroner i fjor.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Lanzarote, Spania, Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Annonse