Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Larvik Håndballklubb er igjen redda frå konkurs, og det planlagte ekstraordinære årsmøtet blir avlyst, melder VG.
espen.hartvig@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 08.05.2018 kl 09:29
Redningsaksjonen har gitt tre millionar friske kroner inn til klubbkassa.
- Vi fekk inn over tre millionar kroner på ei veke. På styremøtet i kveld kjem vi til å avlyse det ekstraordinære årsmøtet som skulle ha vore avvikla onsdag, opplyser styreleiar Cathrine Svendsen til VG.
Larvik stod i fare for å legge ned drifta med umiddelbar verknad. Slik blir det ikkje. Onsdag har dei dessutan moglegheit til å spele seg til finalen i eliteseriesluttspelet.
Storhamar vart slått 41-32 på bortebane i den første semifinalen.
(©NPK)
Thea Mørk og Larvik Håndballklubb unngjekk konkurs endå ein gong. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.