Annonse

Handballjentene med stor tropp til Martinique-samling

Noregs landslagssjef Thorir Hergeirsson har valt å ta med seg 20 spelarar til sommarsamling for handballjentene på Martinique i juli.

VM-finalistane Noreg og Frankrike reiser saman på treningsleir til Martinique i Karibia. Dei to landslaga har samarbeidd svært tett sidan Marit Breivik tok initiativet i sin periode som landslagssjef.

Treningssamlinga vil vare frå 8.- til 19. juli. Noreg skal spele to kampar mot Frankrike i løpet av samlinga. Kampane går 14.- og 16. juli.

Blant spelarane som er tatt ut er Marta Tomac tilbake i landslagsvarmen etter korsbandsskaden. Kommande sesongs ferske Györ-trio Stine Bredal Oftedal, Veronica Kristiansen og Kari Brattset er også med. Amanda Kurtovic og Nora Mørk, som har tatt korsbandet, er blant dei som står over.

Følgende spelarar er tatt ut:

Krepere: Silje Solberg (Issy Paris), Andrea Pedersen (Byåsen), Katrine Lunde (Vipers Kristiansand). Utespillere: Emilie Hegh Arntzen (Vipers Kristiansand), Veronica Kristiansen (Midtjylland), Stine Skogrand (Silkeborg), Vilde Mortensen Ingstad (Esbjerg), Stine Bredal Oftedal (Györ), Malin Aune (Vipers Kristiansand), Kari Brattset (Vipers Kristiansand), Tonje Enkerud (Storhamar), Silje Waade (Byåsen), Helene Gigstad Fauske (Midtjylland), Moa Högdahl (Byåsen), Vilde Ingeborg Johansen (Tertnes), Ingvild Bakkerud (Skrim Kongsberg), Sanna Solberg (Esbjerg), Thea Mørk (Larvik), Marta Tomac (Vipers Kristiansand), Marit Røsberg Jacobsen (Byåsen),

Jeanett Kristiansen (Vipers Kristiansand) og Tonje Haug Lerstad (Byåsen) er reservar og kan bli kalla inn på kort varsel.

(©NPK)

Stine Bredal Oftedal frontar ein stor norsk tropp til samlinga på Martinique i juli. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Annonse
Annonse