Handballstjerne mister VM

Ifølgje L'Equipe ser franskmannen Nikola Karabatic ut til å miste handball-VM i januar.

Den franske storavisa meiner å vite at Karabatic skal opererast fredag og han blir borte frå spel i fire månader.

Karabatic er kåra til den beste spelaren i verda tre gonger og har vunne to OL-gull, fire VM-gull og tre EM-gull. Han er utan tvil et av dei aller største namna i sporten.

Den 1,96 meter høge bakspelaren skal gjennom ein fotoperasjon som gjer at PSG-spelaren ikkje kjem til å spele i meisterskapen som går i Danmark og Tyskland i perioden 10. til 27. januar.

(©NPK)

Annonse