Klargjør siden...

Handgranat kasta inn i bil i Stockholm

Nokon kaste måndag ettermiddag ein handgranet inn i ein parkert bil i Stockholm, men utan at granaten detonerte.

Eigaren av bilen oppdaga, ifølgje Aftonbladet, at ei siderute var knust, og at det låg ein handgranat i bilen.

- Nokon har kasta inn ein granat som ikkje har detonert, seier ei kjelde til avisa. Ifølgje kjelda var splinten i handgranaten ikkje fjerna. Bombegruppa i politiet er no på staden.

- Vi har sperra av eit område på grunn av ein mistenkjeleg gjenstand, stadfestar Per Fahlström i Stockholms-politiet.

(©NPK)