Handsregelen blir endra igjen

I kjølvatnet av hands-annullerte mål i Premier League har Den internasjonale lovkomiteen for fotballen (IFAB) bestemt seg for å endre hands-reglane.

Det er med vekslande hell gjort fleire forsøk på å konstruere ein godt fungerande handsregel dei siste åra. No endrar den internasjonale lovkomiteen for fotballen (IFAB) regelen endå ein gong.

Tidlegare vart det rekna som hands når ballen ramma handa til nokon på laget – anten det var med vilje eller utilsikta – før ei skåring.

No skal det ikkje dømmast hands viss nokon utilsikta kjem borti ballen med handa før eit mål.

Mål som blir gjort direkte med handa eller straks etter at ballen er i kontakt med handa, er framleis eit brot på regelen. Tidlegare har alle situasjonar der ballen ramma handa til nokon i laget i oppbygginga til eit mål, vore rekna som regelbrot.

Torsdag skåra Fulham eit slikt mål mot Tottenham i Premier League, Mario Lemina fekk ballen på armen før Josh Maja sette inn 1–0 – trudde han. Men VAR annullerte målet for hands. Frå 1. juli, når den nye regelen trer i kraft, vil eit slikt mål bli godkjent av VAR.

(©NPK)

Josh Maja på Fulham skjønte lite når målet hands vart annullert for hands. No blir handsregelen endra. Foto: Neil Hall / Pool via AP / NTB

Annonse
Annonse