Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
KrF-leiar Knut Arild Hareide meiner regjeringsalternativet han ønskjer, er det mest sentrumsorienterte valet, trass i at dei kan trenge støtte frå SV.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 04.10.2018 kl 19:23
- Utfordringa med å gå inn i Solberg-regjeringa er at sentrumspartiet KrF då går inn i regjering med eit fløyparti, sa KrF-leiar Knut Arild Hareide under ein debatt i regi av Fædrelandsvennen i forkant av møtet i Agder KrF i Vennesla.
I debatten møtte Hareide sin eigen nestleiar Kjell Ingolf Ropstad, som meiner KrF heller burde sjå mot dagens regjering for å få innflytelse.
Hareide understreka at ønsket om å danne regjering med Senterpartiet og Arbeidarpartiet, er alternativet som ligg mest mot sentrum, trass i at eit slikt regjeringsalternativ kan trenge støtte frå SV for å få fleirtal.
- Det alternativet eg peiker på, er det mest sentrumsorienterte valet. Det er ikkje eit venstreorientert alternativ. Og lykkast eg, får vi den første regjeringa sidan Bondevik-regjeringa som ikkje har med eit fløyparti, sa Hareide.
Ropstad er redd for framtida til kontantstøtta dersom SV får innverknad, og han sa at han meiner KrF har fått til mykje med Erna Solberg som statsminister.
- Det er ei lang rekke saker vi har fått gjennomslag for hos Solberg-regjeringa, og då meiner eg det ville vore naturleg å utforske den vegen først, fordi utfordringa på den andre sida er at SV vil få mykje innflytelse over politikken, sa Ropstad.
(©NPK)
KrF-leiar Knut Arild Hareide (t.h.) møtte torsdag sin eigen nestleiar Kjell Ingolf Ropstad til debatt i Vennesla om retningsvalet til partiet. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.