Klargjør siden...

Hareide overgår alle sine forgjengarar

Åge Hareide kan vise til eit poengsnitt per kamp på 1,90 som dansk landslagssjef. Dermed ragar han over alle forgjengarane.

Tysdag kunne den norske trenarprofilen bokføre ein ny siger då Austerrike vart slått 2-0 i ein privatlandskamp i Parken. Dermed gjekk han til topps på den danske landslagstrenarstatistikken når det gjeld poengsnitt, melder tipsbladet.dk.

Richard Møller Nielsen, som leidde Danmark frå 1990 til 1996, er nummer to på lista. Han enda på eit poengsnitt på 1,89.

Etter kampen tysdag var Hareide rask med å skyve æra for den gode statistikken over på spelarane.

- Gutane har gjort ein formidabel jobb lenge - heilt sidan Montenegro-kampen vi tapte. Og i dag var det ein viktig test for troppen. For moralen i troppen er det viktig å spele kampar, sa han.

Danmarks neste oppgåve er mot Wales i nasjonsligaen. Den kampen går 16. november og blir noko som liknar ein rein gruppefinale.

Wales toppar Danmarks gruppe med seks poeng etter tre kampar. Danmark har fire på andreplass.

(©NPK)

Danmarks landslagssjef Åge Hareide har ein svært god statistikk. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix