Hareide skaper bølgjer i Frankrike: «Les Bleus er ikkje noko særleg»

Jyllands-Posten har intervjua Åge Hareide om Danmarks VM-motstandarar. Svara skaper bølgjer i Frankrike, som er ein av grupperivalane.

Både bladet France Football og sportsavisa L'Equipe slo Hareides vurderingar stort opp på sine nettstader torsdag.

- Eg trur ikkje på det laget, er ifølgje France Football dommen til sunnmøringen over Frankrike.

- Eg vil bli forbanna om vi ikkje skaper problem for det laget, som ærleg talt ikkje er noko særleg.

Hareide meiner ifølgje det omsette intervjuet at dei franske spelarane har gode ferdigheiter, men at laget manglar lagånd som set spelarane i stand til å yte sitt beste.

- Dei har ikkje ei stjerne som Zinédine Zidane, som kunne få alle til å trekkje saman mot eit felles mål, seier han.

Mest reagerer franskmennene på Hareides dom over enkeltspelarar.

- Kanté er ingen leiartype, seier han, mens orda om Paul Pogba truleg svir endå meir.

- Ein dag er han god, ein annan dårleg. Mot Manchester City spelte han med håret farga kvitt og blått. Mot oss kjem han kanskje med raudt og kvitt hår. Eg har inntrykk av at han tenkjer mest på frisyren, blir Hareide sitert på.

- No er det inga unnskyldning om Pogba ikkje er topp motivert i kampen mot Danmark, legg France Football til for eiga rekning.

Danmark møter Frankrike i Moskva 16. juni.

(©NPK)

Danmarks landslagssjef Åge Hareide skaper bølgjer i Frankrike med utsegner om franske spelarar og Frankrikes landslag. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Annonse