Klargjør siden...

Hæren i Myanmar blir igjen skulda for nedbrenning av landsby

Mykje tyder på at hæren i Myanmar stod bak øydelegginga av ein landsby i delstaten Rakhine tidlegare denne månaden, meiner Human Rights Watch.

Skuldingane blir avviste av regjeringsstyrkane, som i staden hevdar det var den hovudsakleg buddhistiske opprørsgruppa Arakan Army (AA) som brente ned landsbyen.

Dette blir avvist av AA, som til liks med Human Rights Watch (HRW) rettar peikefingeren mot hæren.

– Nedbrenninga av landsbyen Leit Kar har alle kjenneteikna til eldspåsetjinga til militæret av rohingya-landsbyar dei siste åra, seier Phil Robertson i HRW.

Denne gongen er det ikkje muslimske rohingyaer som er ramma. I Leit Kar budde det hovudsakleg buddhistar, som flykta for over eit år sidan.

Konflikten mellom hæren og AA går føre seg i same delstat som hundretusenvis av rohingyaer flykta frå i 2017. Regjeringsstyrkane har i etterkant vorte skulda for etnisk reinsing, folkemord og nedbrenning av fleire hundre rohingya-landsbyar.

(©NPK)

Regjeringsstyrkane i Myanmar har sjølv offentleggjort dette bildet av ein brann i landsbyen Let Kar 16. mai. Ifølgje hæren var det opprørsgruppa AA som stod bak øydelegginga av landsbyen. Foto: AP / NTB scanpix

Flammar og røyk i landsbyen Let Kar på eit bilde tatt 16. mai og offentleggjort av Myanmars hær. Hæren og opprørsgruppa AA skuldar kvarandre for nedbrenninga av landsbyen. Foto: AP / NTB scanpix