Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Ada Hegerberg seier til Aftenposten at ingenting er forandra når det gjeld avgjerda hennar om å seie nei til det norske landslaget i fotball.
stian.johnsen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 05.09.2018 kl 13:53
Tysdag kvalifiserte dei norske kvinnene seg for neste års fotball-VM i Frankrike etter å ha vunne 2-1 mot regjerande europameister Nederland.
Kampen gjekk utan Lyon-stjerna Hegerberg, som sa nei til vidare spel på landslaget etter den skuffande europameisterskapen i fjor. Til Aftenposten seier ho at ho ikkje har planar om å gjere noko comeback.
- Mi avgjerd var ikkje basert på om landslaget kom til å vinne kampar eller ikkje i framtida. Ingenting er forandra på det valet eg har tatt, seier Hegerberg.
Ho legg til at ho ønsker landslaget lykke til i VM.
(©NPK)
Ada Hegerberg seier framleis nei til landslaget. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.