Klargjør siden...

Heilbom for skiskyttarkvinnene i Holmenkollen

Ingrid Landmark Tandrevold blei beste norske på 23.-plass under skiskyttarsprinten i Holmenkollen torsdag. Anastasia Kuzmina frå Slovakia var best.

Darja Domratsjeva frå Kviterussland kom på andreplass, medan Julija Dzjyma frå Ukraina blei nummer tre. Både Domratsjeva og Dzjyma skaut feilfritt. Kuzmina vann trass éin bom.

Bomme gjorde også dei norske. Tandrevold på 23.-plass noterte seg for éin bom på dei to skytingane, men var 1.27,6 bak Kuzmina i mål.

For Marte Olsbu fortsette problema på liggjande skyting. Ho bomma tre gonger der, og løpet var allereie øydelagt då ho skaut fullt på ståande skyting. Ho enda på ein skuffande 41.-plass, medan Synnøve Solemdal blei nummer 48 etter to bom.

- Kjempedårleg, rett og slett. Eg brukte lang tid på skytinga, for eg skjønte ikkje kvar eg bomma. Det er frykteleg frustrerande, sa Olsbu til NRK etter løpet.

Heller ikkje Tiril Eckhoff fekk ned alle blinkane torsdag, og ho har eit håplaust utgangspunkt i jaktstarten. To bom på liggjande blei etterfølgt av to nye bom på ståande skyting. Dermed enda ho heilt nede på 55.-plass, 2.21,9 bak vinnartida til Kuzmina.

- Eg er skuffa. Dette var dårleg, men eg prøvde så godt eg kunne. Eg blei litt defensiv, og det har vore ein gjengangar i heile år. I tillegg var det tøft ute i løypa, så det byrjar å røyne på etter ein lang sesong, sa Eckhoff.

Hilde Fenne kom på 60.-plass etter totalt fire bom. Ho får dermed gå jaktstarten som siste startande.

(©NPK)

Ingrid Landmark Tandrevold blei beste norske på 22.-plass i skiskyttarsprinten i Holmenkollen torsdag. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix