Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Eit helikopter gjekk i bakken på ei privat flystripe i Skogn i Trøndelag fredag kveld. Ingen blei alvorleg skadd.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 25.05.2018 kl 20:16
- Det kom sidelengs og landa på sida, seier Tore Grøneng, som eig den private flystripa, til Adresseavisen.
- Det såg ut som om dei mista kontrollen, og så fall det ned på eit jorde cirka 100 meter frå flystripa, fortel han vidare.
Det var to menn om bord i helikopteret. Begge kom seg ut av maskinen utan alvorlege skader, opplyser Trøndelag politidistrikt.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.