Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Brannberedskapen blir justert ned i Sør-Noreg etter det etterlengta regnet som har falle den siste tida. Fem brannhelikopter på vakt blir redusert til tre.
uvakt@ntb.no/hallvard@npk.no
Publisert: 21.08.2018 kl 19:03
Planen var at fem skogbrannhelikopter skulle vere i beredskap frå 15. august til og med 30. august. No endrar Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) på dette.
- Som følgje av ein endra vêrsituasjon og betydelege nedbørsmengder over større område i Sør-Noreg, justerer vi beredskapen ned til tre helikopter for assistanse ved skogbrannar frå og med måndag 20. august og ut månaden, opplyser DSB.
Eitt av helikoptera står på Torp, mens to står på Kjeller.
(©NPK)
Brannhelikopter i aksjon ved Vindslandsheia mellom Birkedal og Grimstad i juli. No blir beredskapen justert ned. Arkivfoto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
Arkivfoto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.