Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
WADAs visepresident Linda H. Helleland meiner det er eit svik overfor dei reine utøvarane å ta opp att Russland som fullverdig medlem i Verdens antidopingbyrå.
anders.mollersen@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 20.09.2018 kl 18:27
Eit klart fleirtal av WADA-styret på tolv medlemmer stemte torsdag for å ta Russlands antidopingbyrå (RUSADA) tilbake i varmen. Det skjedde med ni stemmer mot to. Eitt medlem avstod frå å stemme.
Helleland hadde på førehand gjort det klart at ho kom til å stemme imot russisk WADA-medlemskap. Torsdag gjekk ho på eit tungt nederlag etter styremøtet i Seychellane.
- Eg er veldig skuffa på vegner av reine utøvarar og alle som trur på ein rein idrett. Dette kastar ein mørk skygge over truverdet til antidopingrørsla, seier Helleland i ei fråsegn sendt til ei rekke medium.
WADAs norske visepresident meiner det var feil å ønske russarane velkommen tilbake før dei fullt og heilt hadde oppfylt alle krava som låg føre.
- Vi veit ikkje når vi får tilgang til viktig data som vi treng for å undersøkje doping i Russland, og vi veit ikkje om vi nokon gong vil lykkast med å klare det vi siktar etter, seier Helleland vidare og avsluttar fråsegna slik:
- I dag svikta vi dei reine utøvarane i verda.
RUSADA blei utestengd frå WADA i august 2015 på grunn av avsløringar om omfattande dopingjuks i russisk idrett.
(©NPK)
Linda Hofstad Helleland er djupt skuffa over WADA-styrets avgjerd om å ta Russlands antidopingbyrå tilbake i varmen. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix