Herrem-comeback i cupen berre sju veker etter fødsel

Camilla Herrem spelar allereie onsdag kveld for Sola i cupen. Handballprofilen føler seg kampklar berre sju veker etter at sonen Theo vart fødd.

Herrem er nemleg med når Sola møter Sandnes i handball-NM.

- Eg føler meg veldig bra. Eg har vore heldig og hatt ein bra graviditet og har ikkje hatt nokon problem med kroppen, seier Herrem til TV 2.

Nyleg var Herrem tilbake på bana i ein treningskamp.

Ein spesialist på trening etter fødsel har hjelpt Herrem den siste tida.

- Eg føler meg bra og har tatt dei undersøkingane som eg kan. Etter fødselen googla eg meg i hel for å vite kva øvingar eg kunne gjere, men no har eg fått god hjelp av ein ekspert og eg har full tillit til henne. Eg kjenner kroppen min, men hovudet og kroppen vil nokre gonger forskjellige ting, så det er fint å rådføre seg med ein ekspert. Eg hadde nok ikkje spelt om ho sa det ikkje var så lurt, seier Herrem til TV 2.

(©NPK)

Camilla Herrem spelar NM-handball berre sju veker etter fødsel. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Annonse