Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Eirik Hestad scora tre gonger då Molde revansjerte det pinlege bortetapet og tok seg vidare i europaligakvalifiseringa med 5-1-seier over nord-irske Glenavon.
sjur.natvig@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 19.07.2018 kl 20:23
Glenavon-manager Gary Hamilton meinte det ville bli «mission impossible» å forsvare 2-1-leiinga frå første kamp.
Hestad var den einaste målscoraren for Molde i bortekampen, og han gjorde mesteparten av jobben framfor mål også torsdag, med 2-0-målet i det 34. minutt, 3-0-målet i det 59. minutt og det forløysande 4-1-målet i siste ordinære minutt.
Dermed blei det Molde-jubel sjølv om storscorar Erling Braut Håland var opptatt med å hjelpe G19-landslaget til tre poeng i EM-sluttspelet i Finland.
Etzaz Hussain sende Molde i leiing på straffespark etter ein snau halvtime, og allereie då var Molde framfor på bortemålsregelen. Då Hestad auka to gonger såg alt ut til å gå på skjener mot neste runde, men Vegard Forrens sjølvmål i det 62. minutt skapte ny spenning.
Med 3-1 trong Glenavon berre ei redusering for å ta leiinga på bortemålsregelen, men det tredje målet til Hestad roa Molde-nervane. På overtid sette Babacar Sarr punktum.
Med Molde-sigeren blir det tur til Albania i neste runde. Lac vann 1-0 heime over Anorthosis Famagusta og gjekk vidare på bortemålsregelen etter 2-2 samanlagt.
Myrto Uzunis scoring i det 88. minutt gjorde at Molde-spelarane må booke reise til Albania i staden for Kypros.
(©NPK)
Eirik Hestad jublar for eitt av dei tre måla sine då Molde tok seg vidare i europaligakvalifiseringa med 5-1 over nord-irske Glenavon. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix