Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Den engelske golfspelaren Oliver Fisher klarte noko ingen har gjort før han på europatouren i golf fredag.
stian.johnsen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 21.09.2018 kl 14:38
Fisher gjekk andrerunden i portugisiske Vilamoura på uhyre sterke 59 slag. Det er første gong i den 46-årige historia til europatouren at ein spelar går ein runde på så få slag.
Etter å ha gått dei 18 hola kom Fisher til klubbhuset med éin eagle og ti birdiar på scorekortet. Bana i Vilamoura har 71 slag som par.
Tidlegare i historia er det registrert 19 rundar på 60 slag i europatouren.
På den amerikanske PGA-touren har det offisielt vore gjennomført ti rundar på under 60 slag. Jim Furyk er blant dei som har klart bragda. Han gjekk ein 58-runde under Travelers Championship så seint som i 2016.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.