Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Den internasjonale Raude Kors-komiteen (ICRC) har trekt 71 tilsette ut av krigsherja Jemen av sikkerheitsomsyn.
uvakt@ntb.no/kari@npk.no
Publisert: 07.06.2018 kl 20:27
- Verkemda vår er blitt blokkert, trua og direkte ramma dei siste vekene, heiter det i ei fråsegn frå organisasjonen torsdag.
For mindre enn to månader sidan vart ein ICRC-tilsett i Jemen drepen. No fryktar organisasjonen at arbeidet i landet vil bli hardt ramma. ICRC bidrar blant anna med matvarehjelp og medisinsk bistand.
Dei 71 som vert trekte ut av Jemen, utgjer over halvparten av ICRCs internasjonalt tilsette i landet. Organisasjonen vil framleis ha 452 medarbeidarar igjen i Jemen - inkludert lokalt tilsette.
Konflikten i Jemen, der Saudi-Arabia og andre arabiske land spelar viktige roller, har kravd over 10.000 menneskeliv og ført Jemen til randa av ein svoltkatastrofe.
(©NPK)
ICRCs Midtausten-direktør Robert Mardini under ein pressekonferanse i Genève nyleg der han kommenterte situasjonen på Gazastripa. Foto: AP/NTB scanpix