Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Aftenposten har inngått forlik med hjernekirurg Per Kristian Eide. Dermed kjem ikkje millionsøksmålet opp for retten. Partane dekkjer kvar sine sakskostnader.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/johanne@npk.no
Publisert: 22.06.2018 kl 19:37
Ifølgje Nettavisen skal Aftenposten oppdatere tre artiklar som står att frå den opphavlege dekninga med ein faktaboks. Artiklane skal innehalde oppdatert informasjon om Pressens Faglige Utvalg (PFU) og rettssakene som er diskuterte mellom partane. Dessutan skal Aftenposten lenke til Oslo tingretts dom mot TV 2 i det same sakskomplekset.
Hjernekirurgen har hevda at Aftenposten refererte blindt frå TV 2s dekning av eit forskingsprosjekt han leier ved Oslo universitetssjukehus. Han kravde opphavleg 2,1 millionar kroner.
- Avtalen reinvaskar han, og ærekrenkingane i Aftenposten blir ikkje lenger fanga opp ved googling. Det er veldig viktig i våre dagar, seier Eides prosessfullmektig, advokat Per Danielsen.
Sjefredaktør Espen Egil Hansen i Aftenposten seier reinvasking aldri har vore noko tema i kontakten med Eide.
- Det som er eit faktum, er at vi er einige om å avslutte saka utan rettsbehandling. Vi dekkjer kvar våre sakskostnader, seier sjefredaktøren til Nettavisen.
I tingretten blei TV 2 dømt til å betale 825.000 kroner i oppreising, i tillegg til 3,5 millionar kroner i sakskostnader. Kanalens redaksjonssjef og alle journalistane som hadde jobba med saka, blei også dømde til å betale. Dommen er anka til lagmannsretten.
NTB er i PFU felt for brot på god presseskikk i omtalen av saka. Eide har varsla eit krav på inntil 1,3 millionar kroner i oppreisingserstatning mot nyheitsbyrået.
(©NPK)
Hjernekirurg Per Kristian Eide (til venstre) og advokat Per Danielsen i Oslo tingrett då søksmålet mot TV 2 blei behandla. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.