Annonse

Høge straumprisar sende prisane opp

Straumprisen har stige 19 prosent på eitt år og er ein viktig årsak til at konsumprisindeksen har vakse med 2,4 prosent dei siste tolv månadane.

I fleire månader det siste året har straumprisane bidratt til årsveksten i konsumprisindeksen, den såkalla KPI. Sjølv om straumprisane fall noko i april, har prisane på elektrisitet inkludert nettleige auka med heile 19 prosent frå april i fjor til april i år, viser dei oppdaterte tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Ser ein bort frå elektrisitet, har konsumprisindeksen stige 1,9 prosent det siste året.

I fleire månader har straumprisane trekt konsumprisindeksen oppover, men det har vore motsett utvikling den siste månaden. Etter historisk høge straumprisar i mars i år, fall prisen på straum og nettleige med 3,6 prosent i april.

Også matvarer og alkoholfrie drikkevarer, i tillegg til drivstoff og smørjemiddel bidrog til veksten i KPI på 2,4 prosent dei siste tolv månadane. Samtidig trekte prisutviklinga på klede og flyreiser prisindeksen ned, med prisfall på høvesvis 5,3 og 8,4 prosent.

Den såkalla tolvmånadersveksten i KPI gjekk opp frå 2,2 prosent i mars til 2,4 prosent i april, først og fremst på grunn av prisutviklinga på matvarer og alkoholfrie drikkevarer. Mens det var ein klar prisnedgang på slike varer frå mars til april i fjor, har prisane halde seg stabile i same periode i år. Her spelar tilbodsaktiviteten rundt påske inn. Mens påska var i midten av april i fjor, starta den i slutten av mars i år.

Ser ein på endringa frå mars til april, har prisane på klede, sko og feriar åleine ført til ein auke i konsumprisindeksen på 0,4 prosent. I same periode fall altså straumprisane etter lang tids oppgang.

Klede og sko vart registrert med ein oppgang på 2,1 prosent den siste månaden. Vidare har SSB registrert auka prisar på tenester knytt til reise og ferie. Dette har dratt indeksen opp.

Tolvmånadersveksten i KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer (KPI-JAE) er på 1,3 prosent.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Annonse