Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Høgres sentralstyre vedtok søndag ei rad nye retningslinjer som følgje av metoo-sakene i norsk politikk. Ansvarleg omgang med alkohol er eit sentralt tema.
Magnus.Braaten@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 11.06.2018 kl 07:33
I dei nye etiske retningslinjene heiter det ifølgje Dagbladet at det alltid skal vere eit tilstrekkeleg tal på ansvarlege til stades som er edru på arrangement. Vidare heiter det at alle sentrale tillitsvalde og tilsette skal ha ein ansvarleg omgang med alkohol.
Ifølgje avisa har partiet også vedtatt ei rad sanksjonsmoglegheiter for brot på dei etiske retningslinjene, som blant anna inneber skriftleg åtvaring, suspensjon eller eksklusjon. Reglane gir også rett til å gi ein person forbod mot for eksempel å drikke alkohol på partiarrangement, over ein gitt periode.
Generalsekretær i Høgre John-Ragnar Aarset seier det er lite nytt i retningslinjene.
- Mange av dei faktiske endringane vi skriv inn, har vore etablert praksis lenge, seier Aarset.
I tillegg har partiet innført nye retningslinjer om behandling av varslarsaker.
(©NPK)
Generalsekretæren i Høgre John-Ragnar Aarset seier lite eigentleg er nytt i dei etiske retningslinjene partiet vedtok søndag. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.