Klargjør siden...

Høgre vil ha svar frå Stoltenberg om Libya-informasjon til Stortinget

Jens Stoltenberg bør forklare seg om dei juridiske vurderingane han la fram for Stortinget om Libya-krigen, meiner Svein Harberg (H) i kontrollkomiteen.

Jens Stoltenberg bør forklare seg om dei juridiske vurderingane han la fram for Stortinget om Libya-krigen, meiner Svein Harberg (H) i kontrollkomiteen.

Dåverande statsminister Stoltenberg sa at Noreg i folkerettsleg forstand ikkje var i krig i Libya då han gjorde greie for deltakinga i Libya-operasjonane for Stortinget i mars 2011. Det sa han sjølv om Forsvarsdepartementet hadde kome til motsett konklusjon i ein instruks til Forsvarsstaben.

Opplysningane kjem fram i rapporten frå utvalet som har undersøkt den norske deltakinga i Libya-krigen. Rapporten vart lagt fram torsdag.

- Det er utan tvil interessante funn i rapporten som krev ei forklaring, og det er det naturleg at Stoltenberg gir sine svar på før Stortinget behandlar rapporten. Kva som låg til grunn for Stoltenbergs konklusjon, blir då interessant å få svar på, skriv nestleiar Svein Harberg i kontrollkomiteen i ein e-post til NTB.

Lovlege mål eller ikkje?

I rapporten blir det referert frå forklaringa til dåverande statsminister Jens Stoltenberg (Ap) og debatten som følgde i Stortinget 29. mars 2011.

- Noreg er i folkerettsleg forstand ikkje i krig. Hadde vi vore det, hadde mellom anna norske soldatar vore legitime mål. Det er dei ikkje, sa Stoltenberg då.

Utvalet påpeikar at det står «i kontrast» til eit skriv som Forsvarsdepartementet hadde sendt Forsvarsstaben fem dagar tidlegare, om dei folkerettslege rammevilkåra for dei norske styrkane i Libya.

- Det er ingen tvil om at denne situasjonen etter krigens folkerett er definert som ein internasjonal væpna konflikt, der koalisjonsstyrkane deltek på vegner av statane sine, som etter krigens folkerett er å sjå som partar i den væpna konflikten i Libya, siterer rapporten frå skrivet.

Departementet slår vidare fast at dei norske styrkane etter folkeretten er lovlege militære mål.

- Stemmer ikkje

- Kva Stoltenbergs positive kunnskap var, vil eg ikkje spekulere på, men den informasjonen som vart gjeven til Stortinget, stemde ikkje med instruksen som Forsvarsdepartementet hadde gjeve til Forsvaret fem dagar før, seier jussprofessor Christoffer Conrad Eriksen, som har sete i utvalet, til NTB etter rapportframlegginga torsdag.

Stoltenberg, som i dag er generalsekretær i NATO, har sendt NTB ein del korte kommentarar til rapporten på e-post. Her skriv han:

- Forklaringa mi til Stortinget om Libya-operasjonen var basert på juridiske vurderingar frå Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet. Utover det kan eg ikkje gå inn i detaljane i ein rapport eg ikkje har lese.

Vil ikkje ha debatten

Ap-leiar Jonas Gahr Støre var utanriksminister då dei norske kampflya vart sende til Libya. Han seier han må lese grunngjevinga i rapporten før han vil meine noko om det var ei motsetning mellom Stoltenbergs forklaring og skrivet frå Forsvarsdepartementet.

- Eg ønskjer ikkje å opne den debatten no. Eg kan ikkje hugse at det var ei sentral problemstilling, seier han til NTB.

- Det som det handla om, var om Noreg skulle følgje opp vedtaket frå FNs tryggingsråd om å ta alle tilgjengelege middel i bruk etter eit veldig klart FN-mandat. Så er det ulike juridiske vurderingar i ulike juridiske miljø om kva det betyr om Noregs tilhøve til den staten dette skjedde i. Her må eg inn i grunngjevinga før eg har noka meining om det, seier Støre.

(©NPK)

- Noreg er i folkerettsleg forstand ikkje i krig, sa statsminister Jens Stoltenberg da han forklarte seg for Stortinget om Noregs deltaking i den internasjonale koalisjonsstyrken i Libya 29. mars 2011. Arkivfoto: Heiko Junge / NTB scanpix

Annonse