Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Avtalen om lønsvilkåra til ambulanseflypilotane i Babcock er landa, men både Flygerforbundet og opposisjonen held fram skytset mot helseminister Bent Høie (H).
innenriks.vaktsjef@ntb.no/margunn@npk.no
Publisert: 20.06.2018 kl 19:52
I byte mot kutt i løn og arbeidsvilkår blei ambulanseflygarane sikra same arbeidsstaden som i dag. Dermed blei det semje mellom Flygerforbundet og NHO Luftfart, som forhandla på vegner av Babcock.
Administrerande direktør Torbjørn Lothe i NHO Luftfart meiner partane klarte å rydda opp.
- Babcock har vore lydhøyr overfor politiske signal. Eg rosar dei for å ha strekt seg langt for å få ein avtale som sikrar vidareføring av erfaring og kompetanse i flyambulansetenesta, seier han.
- Vi håper avtalen bidreg til at alle pilotane vi har i dag kjem over til BSAA, slik at befolkninga, spesielt i Nord-Noreg, får den beredskapen dei har krav på, seier dagleg leiar Marius Hansen i Babcock Scandinavian AirAmbulance AS (BSAA).
Men det står att å sjå om avtalen reelt blir oppfatta som god nok til å hindra ei pilotflukt fram til Babcock tek over drifta neste år. Leiar i Norsk Flygerforbund, Yngve Carlsen, meiner semja er eit viktig steg for å løysa krisa i tenesta. Likevel er pilotane frustrerte og irriterte på Høie.
- Dette har han overlate til partane. Det er vi som har kome til denne avtalen. Han har sete heile stille, seier Carlsen. Tilliten til helsestyresmaktene er sterkt svekt etter forhandlingane, meiner han.
Opposisjonen på Stortinget følgjer opp.
- Høie og regjeringa har ikkje vist politisk leiarskap. Høie har bevisst ført landet ut i denne krisa då han lèt helseføretaka gjennomføra eit tilbod der overføring av personell ikkje blei sikra, seier helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet, Kjersti Toppe.
Ingvild Kjerkol i Arbeidarpartiet meiner krisa ikkje er over og viser til at tenesta er sett saman av meir enn pilotar.
- Fly kan ikkje ta av eller haldast ved like utan teknikarar og anna støttepersonell. Når ein tredel av flyteknikarane har sagt opp stillingane sine, gjev det store utfordringar. Høie fekk ei krystallklar bestilling frå Stortinget: Han blei pålagt å sikra vidareføring av erfaringa og kompetansen i tenesta, i tillegg til å sikra forsvarleg drift og vedlikehald ved den enkelte basen. Vi godtek ikkje at han spring frå ansvaret, seier ho.
Både helsekomiteen og kontroll- og konstitusjonskomiteen er på saka, og så seint som onsdag svarte Høie på ni spørsmål frå sistnemnde om anbodsprosessen - utan at komitéleiar Dag Terje Andersen (Ap) blei nøgd.
- Det ser ut som statsråden sky frå seg ansvaret til etatar i helsesektoren, seier han til NTB.
Helsepolitisk talsperson i Høgre Sveinung Stensland peikar likevel på at heller ikkje dei raudgrøne kravde verksemdsoverdraging i anbodsrundane som blei gjennomført då dei sat i regjering. Han meiner opposisjonen no burde vera glad for semja.
Høie sjølv seier til NTB at begge partar har strekt seg langt for å oppnå semje i forhandlingane.
- Eg har gjort det som er hovudansvaret mitt: Å sørgja for at konflikten i minst mogleg grad går ut over pasientane, seier han.
Til kritikken frå Flygerforbundet om at han ikkje har bidrege til løysinga, seier Høie:
- Den andre parten i forhandlingar peikar på politiske signal som ei grunngjeving for at dei strakte seg langt og blei samde, så det er nok litt ulike oppfatningar.
(©NPK)
Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) meiner politisk press har bidrege til at partane kom fram til ein avtale om vilkår for ambulanseflypilotane som held fram med ny operatør. Men både pilotane og opposisjonen meiner han ikkje har bidrege til ei løysing. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix
Dagleg leiar Marius Hansen i Babcock håpar alle dei 98 pilotane i Lufttransport søkjer jobb hos dei og held fram i ambulanseflytenesta når det no har blitt semje om lønsvilkåra. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.