Klargjør siden...

Holbergprisen i skulen til RIP norsk

Elevar ved Heggen vidaregåande skule i Troms vann Holbergprisen i skulen med språkutvatningsprosjektet «Norsk holder 'basically' på å dø ut». 

Elin Haugum, Emilie Jensen og Adele F.E. Grønningsæther ved Heggen vidaregåande skule har forska på språkferdigheiter i norsk og engelsk og analysert korleis språkferdigheiter varierer med medievanar, kjønn og studieretning.

Eit overraskande funn er at mange av ungdommane i studien les raskare, og med betre leseforståing, på engelsk enn på norsk. Det gjeld tilsynelatande relativt fleire gutar enn jenter.

Holbergprisen i skulen er ein nasjonal årleg konkurranse for elevar i vidaregåande skule, der tolv skular blir plukka ut til å delta, og kvar skule sender inn tre prosjekt.

Andrepremien i år gjekk til elevar frå Elvebakken vidaregåande skule i Oslo for forskingsprosjektet: «Regjeringskvartalet - åpent og inviterende eller lukket og ekskluderende?".

Prosjektet tok utgangspunkt i Jens Stoltenbergs utsegn etter 22. juli om meir openheit og meir demokrati og spør om dette blir spegla i samfunnsdiskursen og i den estetiske profilen i vinnarforslaget til nytt regjeringskvartal.

Tredjeprisen gjekk til Herman Roll Ludvigsen ved Eikeli vidaregåande skule i Akershus. Hans prosjekt «Diskriminering i arbeidslivet» tar for seg om personar med minoritetsbakgrunn har dei same moglegheitene som andre.

(©NPK)

Norske ungdommars språk er fullt av engelske ord og uttrykk. Mange les og forstår engelsk betre enn norsk. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Annonse