Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Likestillingsminister Linda Hofstad Helleland vil gjere det enklare å stå fram som homofil i norsk fotball. Ho er sjokkert over språkbruken i fotballen.
anders.mollersen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 26.06.2018 kl 09:38
Den tidlegare kulturministeren var nådelaus då ho deltok på Fotballforbundets frukostseminar «Jævla homo» tysdag.
- Vi ser at det er samfunnsområde der vi treng ei haldningsendring og kultur, ikkje minst innanfor idretten. Nokre idrettar er kjemisk reinsa for homofile, og statistisk sett så skal det eigentleg ikkje vere mogleg. Det må bli enklare å stå fram som homse i fotballen. Du skal bli verdsett og respektert like mykje. Det ser det ikkje ut til at mange føler det er eit klima for. Vi må få større kraft i dette arbeidet, seier Helleland til NTB.
Ho omtalte seg sjølv bevisst som homominister, ikkje barne-, likestillings- og inkluderingsminister då regnbogefargane pryda lokala på Ullevaal stadion. Helleland fortalde kor sjokkert ho blir når ho er med barna sine på fotballkampar og høyrer ord som «homo» og «trans» blir ropte ut som skjellsord.
No ber ho både spelarar i alle aldrar og dei på tribunen om å skjerpe seg.
- Publikum spelar ei kjempeviktig rolle. Dei må også tenkje på kva slags klima vi skal ha i idretten. Når barna høyrer at det blir ropt skjellsord som «homo» og «trans», er det med å sette oss mange tiår tilbake. Det gjer det også vanskelegare for fotballspelarane å stå fram som homo når publikum held på slik, seier Helleland.
Ho etterlyser mannlege fotballspelarar på toppnivå som står fram som homofile.
- Vi ser jentehandball og jentefotball, og der verkar det som det er betre kultur for å stå fram. Dette handlar om openheit og toleranse. Ansvaret ligg på toppen, blant idrettsleiarane, men det viktigaste arbeidet gjer trenarar og lagleiarar overfor barn og unge, seier ministeren.
I sin opningstale la Helleland vekt på at Norges Fotballforbund i fjor opna for regnbogefarga cornerflagg og kapteinsband.
- Det er eit veldig sterkt symbol. Fotballen viser seg som eit forbund der alle skal få lov til å vere den dei er og vere glad i den ein vil. Her ønsker ein eit større mangfald, seier Helleland.
Ein som hadde fått på seg det regnbogefarga kapteinsbandet tysdag var tidlegare A-landslagskaptein Jan Åge Fjørtoft.
- Eg spelte eit tosifra tal kampar som kaptein for Noreg. Eg får framleis gåsehud av å få kapteinsbindet, seier den tidlegare landslagsspissen til NTB.
- «Fotball for alle» er Norges Fotballforbunds visjon. Ein har ikkje vore flinke nok på inkludering. Ingen har stått fram på toppnivå (på herresida) i Noreg, men det har skjedd internasjonalt, sa Fjørtoft då han innleidde fotballfrukosten.
(©NPK)
Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland innleidde frukostseminaret «Jævla homo» som tar debatten om homofili i norsk idrett tysdag morgon. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Artikkelen fortsetter etter annonsen.