Klargjør siden...

Hubble i trøbbel

Romteleskopet Hubble, som har vore i verdsrommet sidan 1990, er plassert i sikkerheitmodus etter ein feil med posisjoneringsutstyret om bord.

Det aldrande romteleskopet blir rekna som ein av dei aller viktigaste reiskapane innanfor astronomien dei siste tiåra og har bidratt til ei lang rekkje oppdagingar.

Observasjonar frå Hubble ligg bak tusenvis av forskingsrapportar. Så seint som i førre veke vart det kjent at astronomar meiner å ha oppdaga den første månen utanfor solsystemet med Hubbles hjelp.

Den amerikanske romorganisasjonen NASA opplyser at det er gyroskop om bord på Hubble som har svikta. Vanlegvis blir tre slike instrument brukte til å snu teleskopet i verdsrommet. Fungerer ikkje alle, kan det føre til at det blir vanskeleg å peike Hubble mot det som skal observerast.

- Sikkerheitsmodus set teleskopet i ein stabil situasjon inntil kontrollsentralen på bakken kan løyse problemet og få teleskopet i drift igjen, heiter det i ei fråsegn frå NASA.

Organisasjonen legg til at instrument om bord på Hubble framleis fungerer og er venta å fortsette å produsere forskingsresultat i åra som kjem.

NASA kunngjorde førre fredag at eitt av Hubbles gyroskop hadde ein feil. Hubble har hatt vanskar med gyroane før, og feilen kom ikkje uventa på NASA. Situasjonen vart likevel vanskeleg då det viste seg at reservegyroen som vart tatt i bruk, ikkje verka som den skulle.

Hubble har no to fungerande gyroar. For å fungere optimalt treng teleskopet tre, men det kan gjere observasjonar berre med éin, sjølv om det skaper vanskar.

Romteleskopet James Webb, som skal erstatte Hubble, skal ikkje skytast opp før i mars 2021.

(©NPK)

Eit bilde frå NASA viser utplasseringa av romteleskopet Hubble frå romferja Discovery i 1990. Foto: NASA / AP / NTB scanpix