Hurtigruten skal laga nullutsleppsskip

Hurtigruten Norge skal samarbeide med Sintef om å finne ut korleis dei kan lage utsleppsfrie kystskip. Etter planen skal det første sjøsetjast innan 2030.

– Vi har følgt teknologiutviklinga og har sett at infrastrukturen har komme så langt at no var det rett å gi full gass, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten til E24.

Skipet må byggjast i 2026–2027 for at det skal bli klart innan 2030, seier Skjeldam.

Han vil ikkje seie kva den økonomiske ramma for prosjektet er.

– Men vi veit at det vil koste oss meir enn å byggje eit konvensjonelt skip, og vi veit at prosjektkostnaden vil vere høgare enn eit normalt byggjeprosjekt. Men der forventar vi òg at det er fleire som er med og deler den rekninga i utviklinga.

Hurtigruta seier at dei skal utvikle den teknologien som trengst. Hydrogen eller ammoniakk kan vere løysinga, men også andre løysingar kan vere aktuelle.

Sintef skal no gjennomføre ein moglegheitsstudie og finne ut kva teknologi som er tilgjengeleg i dag, kva teknologi som må utviklast, og kven som kan bidra til å byggje skipet.

Studien er truleg ferdig til sommaren, men det kan ta to til tre år før eit ferdig design er heilt klart, anslår Sintef.

– Det å få til dette i praksis er ei veldig stor utfordring, så vi synest det er kjempespennande, seier konsernsjef Alexandra Bech Gjørv i Sintef.

(©NPK)

Hurtigrutens mål er å sjøsetje det første nullutsleppsskipet innan 2030. Her kjem ekspedisjonsskipet MS Roald Amundsen til Tromsø i 2019. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB / NPK

Annonse