Hydro-kollegaer deler ut flygeblad i håp om tips om sakna nordmann

Norske Torkil Tyvold er framleis sakna i Brasil. Kollegaer i Norsk Hydro deler ut flygeblad med bilde av han i håp om at det kan gi spor.

Nordmannen vart sist sett i bydelen Ipanema i Rio de Janeiro fredag ettermiddag, der han bur. Ifølgje informasjonssjef Øyvind Breivik i Norsk Hydro vart han observert på overvakingskamera i bydelen, som blir rekna blant dei tryggare i storbyen.

- Etterforskinga til både norsk og brasiliansk politi fortset. Som selskap gjer vi det vi kan for å støtte opp. Kollegaer og venner av den sakna er ute i Rio og deler ut flygeblad i håp om at det kan generere tips om kvar han kan vere. Så langt har det dessverre ikkje gitt noko resultat, seier Breivik til NTB onsdag.

I Noreg jobbar saknagruppa i Kripos med saka. NTB fekk tysdag opplyst at Kripos hjelper til med dei kanalar dei har og fungerer som formidlarar av informasjon til både Oslo politidistrikt og brasiliansk politi.

Utanriksdepartementet er også i dialog med og hjelper Hydro i saka.

Tyvold kjem frå Røros. Han har vore tilsett i Hydro sidan 1980-talet og har vore utstasjonert i Brasil sidan nyttår.

(©NPK)

Norske Torkil Tyvold har vore sakna frå Rio de Janeiro i Brasil sidan fredag. Han vart sist sett i bydelen Ipanema, nærmast på bildet. Illustrasjonsfoto: Marianne Løvland / NTB scanpix

Annonse