Klargjør siden...
Annonse

Hydro-smell førte til nedgang på Oslo Børs

Etter det store fallet til Norsk Hydro enda hovudindeksen på Oslo Børs til slutt på 940,30 poeng onsdag. Det er ein nedgang på 0,45 prosent frå tysdag.

Norsk Hydro fall med 11,85 prosent etter å ha offentleggjort stenginga av produksjonen sin i Brasil.

Den største børsvinnaren onsdag var Nordic Nanovector, som steig med 9,64 prosent til 53,35 kroner. Også Tomra Systems hadde ein god dag og fortsette ein god trend den siste veka med ei stigning på 5,37 prosent til 216 kroner.

DNB, som fall 1,83 prosent, var saman med Norsk Hydro det einaste av dei ti mest omsette selskapa som enda i minus onsdag.

Av dei ti mest omsette, var Orkla den største vinnaren med ein opptur på 1,18 prosent. Blant dei andre som auka i verdi, var Telenor (0,98 prosent), Equinor (0,35 prosent) og Storebrand (0,73 prosent).

Onsdag var ein god dag for dei leiande børsane i Europa. FTSE 100 i London og CAC 40 i Paris steig med høvesvis 0,54 og 0,61 prosent. Børsen i Frankfurt var stengd på Tysklands nasjonaldag.

Oljeprisen gjekk opp onsdag, og ved børsslutt onsdag ettermiddag blei eit fat nordsjøolje omsett for 85,54 dollar. Det er ein oppgang på om lag 1,1 prosent sidan i går. Samtidig gjekk prisen på amerikansk lettolje (WTI) opp rundt 0,5 prosent til 75,56 dollar fatet.

(©NPK)

Hovudindeksen gjekk ned på Oslo Børs onsdag. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Annonse