Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Torsdag vil ei lang rekkje kjende personar i idretts-Noreg ta farvel med Vibeke Skofterud saman med familie, venner, kjenningar og lokalbefolkninga.
anders.mollersen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 09.08.2018 kl 08:02
Skofteruds gravferd, som vil sprengje kapasiteten i Eidsberg kyrkje, startar klokka 13.00. NTB og NRK vil vere til stades inne i kyrkja under gravferda.
Den fungerande prosten Runo Lilleaasen skal forrette saman med kapellan Magnus Grøvle Vesteraas. Skofterud omkom i ein alder av 38 år. Det skjedde i slutten av juli etter ei ulykke med vasscooter.
Det er trykt opp 1500 kyrkjeprogram på grunn av det venta oppmøtet. Det er 450 sitjeplassar i kyrkja. Resten kan følgje gravferda på benker framfor ein storskjerm utandørs.
- Eg skal gjere det eg kan for at dette blir ei så normal og verdig gravferd som mogleg. Delar av den skal jo direktesendast på TV og nettet. Det gjer den spesiell. Det viktige er at familie, kjæraste og venner får tatt eit verdig farvel med Vibeke, seier Lilleaasen til NTB.
Familie og fleire av Skofteruds tidlegare landslagsvenninner i langrenn skal bere kista.
Det blir så minnestund i Eidsberghallen. Den blir leidd av TV-profilen Carsten Skjelbreid.
Det er lagt ut tre kondolanseprotokollar i Østfold i samband med Skofteruds død. Lilleaasen oppfordrar også til at familien og kjæraste får SMS og mail med støtteerklæringar.
- Send det gjerne utover hausten. Då treng dei det. Torsdag vil det ikkje vere mogleg for dei å snakke med og takke alle frammøtte, seier Lilleaasen.
(©NPK)
Vibeke Skofterud blir gravlagt frå Eidsberg kyrkje torsdag. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix