Annonse

Idrettspresidenten har bestemt seg - alt tyder på at Tom Tvedt ynskjer attval

Tom Tvedt vil ikkje gje eit offentleg «ja»-svar på om han ynskjer attval, men etter det NTB forstår, så går han for ein ny periode som idrettspresident.

- Eg stortrivst i vervet. Valkomiteen har ikkje begynt å jobbe, og då er det ikkje naturleg at eg går ut med avgjerda mi, men eg har bestemt meg, seier Tvedt diplomatisk.

Men når 50-åringen snakkar om framtida til norsk idrett, er det lett å tolke han dit at ein ny fireårsperiode freistar så mykje at når valkomiteen spør om nokre veker, så blir svaret «ja».

- Det som taler for, er at eg kom inn i idretten som seksåring. Det har lagt heile grunnlaget for engasjementet mitt. Det er ein fantastisk organisasjon. Det handlar om idrettsglede for alle. Det har vi ikkje berre som visjon, men også i praksis. Det å vere med å utvikle Noregs største frivillige organisasjon for barn og unge, er freistande, stadfestar Tvedt.

Berre éin ting ser ut til å kunne gje motsett svar - meir fridom til å styre tida med familie og venner:

- Det handlar om vurderinga på eigen motivasjon og kva du skal bruke livet ditt på. Det går fort. Det er fire år i slengen, men eg skal ta dette med valkomiteen først.

Det har storma rundt Tom Tvedt. Manglande openheit, idrettstoppanes pengebruk og keitete framferd i media. Men så roa det seg. Frå å tilsynelatande vere ferdig som idrettspresident, har Tvedt i langt større grad enn dei fleste kritikarane såg føre seg, langt på veg sjølv fått regien over eiga framtid.

- Vi hadde eit fint år før det heile braka laus. No har vi lagt fram 25.000 kvitteringar. Det var ein balansegang mellom å vere arbeidsgjevar og ein mottakar av offentlege middel. Vi har rydda opp. Eg har sete med roret når vi har innført klare retningslinjer for innkjøp og alt med openheit. Vi har ingenting å skjule, seier Tvedt.

Orkan

Han blei valt til idrettspresident i 2015.

- Éin ting er kvitteringar, noko anna er at vi må bli flinkare til å brette ut heile organisasjonen. Vi må vere meir interaktive, ingenting skal vere lukka. Kommunikasjon og informasjon må bli betre. Alt dette handterer den nye generalsekretæren (Karen Kvalevåg) med stødig hand. Eg er trygg på at endringane blir godt følgt opp, held idrettspresidenten fram.

Han følgjer opp med at driftskostnadene i Noregs idrettsforbund er kutta med 15 millionar kroner og at organisasjon har blitt langt meir effektiv. Og så avslører han langt på veg kva han vil svare valkomiteen.

- Motivasjonen er verkeleg til stades. Oppi denne stormen, eller meir orkan i kasta, har vi levert. Vi har levert det beste overskotet på lang tid, organisatorisk og sportsleg leverer vi betre enn nokosinne.

- Vi leverer på økonomi, vi veks i talet på medlemmer, vi tek opp nye idrettar og vi har fleire jenter. Hadde eg vore bedriftsleiar, hadde eg nok fått lønsauke, humrar Tvedt.

Skule og idrett

Ein kampsak i neste periode blir å knytte skulane og idretten tettare saman.

- Eg meiner noko av det viktigaste er det som går opp mot ein skulegang som varer lenger for våre barn. Dei skal vere lenger på skulen, som i SFO, og samfunnet endrar seg. Då må vi klare å kople skule og idrett på ein heilt annan måte, slik at idretten ikkje blir ei ekstrabelastning, men held fram å vere ei glede, seier Tvedt ivrig.

Kanskje er det politikarsluggeren i han som talar, kanskje er det den tidlegare landslagsspelaren i handball som dirigerer - uansett, engasjementet er sterkt.

- Vi må gjere idrettslaga betre rusta for framtida, blant anna gjennom spelemiddel til anlegg. Føresetnaden er å behalde spelemonopolet (Norsk Tipping/Rikstoto). Det viktigaste framover blir derfor å integrere anlegg, skule, treningstid og finansiering gjennom einerettsmodellen.

- Det høyrast ut som du er lysten på ein periode til som idrettspresident?

- Eg starta med å seie at eg stortrivst, seier 50-åringen som har fått nytt kontor - vegg i vegg med fotballpresident Terje Svendsen og skipresident Erik Røste.

Skitten valkamp?

Tidlegare har Sven Mollekleiv opna for å vere motkandidat under Idrettstinget neste år. Tvedt gjentek det han tidlegare har sagt, at han håpar idretten kjem med fleire kandidatar.

- Det er naturleg med fleire kandidatar. Det uroer meg ikkje.

- Fryktar du ein skitten valkamp?

- Nei, det er eg i det heile ikkje bekymra for. Idrettens ideal kviler på fair play. Då må vi i idretten sjølv leve opp til ideala våre. Vi kan ikkje forkynne fair play, openheit, rettferd, venlegheit og shake hands dersom vi ikkje klarer å oppføre oss på ein ordentleg måte, seier Tvedt.

(©NPK)

Tom Tvedt ynskjer etter det NTB forstår attval som idrettspresident.
Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Det var vore mange tunge tak for Tom Tvedt dei siste åra, men motivasjonen er framleis sterk.
Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Annonse
Annonse