Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ein handelskrig i full kraft dempar forventningane til den økonomiske veksten globalt, ifølgje IMF, som set ei grunnlinje på 3,7 prosent for 2018 og 2019.
mette.bjorberg.estep@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 09.10.2018 kl 07:18
Det internasjonale pengefondet (IMF) la fram rapporten World Economic Outlook for 2018 natt til tysdag. Forventa vekst på 3,7 prosent i 2018 og 2019 er den same som i 2017, men ein nedgang frå prognosen på 3,9 prosent som vart spådd i juli.
Også forventninga til veksten i det globale handelsmarknaden går noko ned. Den er venta å vere 4,2 prosent, ned frå prognosen på 4,8 prosent frå juli.
USA er anslått å få ein økonomisk vekst på 2,9 prosent for 2018, men denne vil gå ned til 2,5 prosent i 2019. Kina vil i år halde seg på 6,6, men neste år vil veksten falle til 6,2 prosent.
Vekstprognosen for eurosona for 2018 minkar frå 2,2 til 2,0 prosent.
I prognosane blir handelskonflikten mellom USA og Kina lagt til grunn, konsekvensane vil først merkast neste år. I verste fall kan det bryte ut handelskrig der USA og Kina innfører toll på alle varer, eit scenario der den globale veksten vil kunne bli så låg som 2,9 prosent i 2019 og i 2020.
Ein slik handelskrig vil ramme Kina dobbelt så hardt som USA. Kina vil sjå veksten redusert frå 6,2 til 4,6 prosent, ifølgje IMF. USA vil til samanlikning berre få eit tap på 0,9 prosentpoeng, frå 2,5 prosent til 1,6 prosent vekst.
Veksten i eurosona vil i eit slikt scenario kunne falle ned til 1,5 prosent.
I tillegg til den handelsstriden kjem nedjusteringa av at Storbritannia og Japan presterer dårlegare enn forventa. I tillegg skaper renteauken i land som Argentina, Brasil, Tyrkia og Sør-Afrika ringverknadar i fleire marknadar.
(©NPK)
Illustrasjonsfoto: Mark Schiefelbein / AP / NTB scanpix