Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Publisert: 30.03.2016 kl 10:53
Norborg møter SIF borte i dag og Vigra heime til laurdag. Generalprøva vert om ei veke heime mot Vestnes Varfjell.
Publisert: 19.03.2016 kl 11:35
Den islandske spissen Andri Björn Sigurdsson (26) og midtstoppar Prince Destin Mambounana (25) skal denne veka overtyde trenarteamet i Brattvåg om at dei kan styrke laget framføre seriestart om tre veker.
Publisert: 18.03.2016 kl 10:43
Norborg tapte 1-6 borte for Spjelkavik i 1. kvalikkrunde onsdag. Fem av måla i kampen kom etter hjørnespark.
Publisert: 16.03.2016 kl 14:11
Laurdag kunne Haram Handball notere rekordpåmelding i si årlege minihandballturnering.
Publisert: 12.03.2016 kl 12:32
Innspurten i Premier League har ikkje vore meir nervepirrande på fleire ti-år. Lidenskapen til spelet og klubben i sitt hjarte, sende i helga BIL-trenar Rikard Vestre til London.
Publisert: 06.03.2016 kl 09:58
Norborg tapte 3-4 i Uggedalen onsdag mot eit ungt og solid Valder-lag.
Publisert: 02.03.2016 kl 09:05
Norborg og Skodje må truleg berre ha nokre få lag bakom seg for å sikre plassen i 4. divisjon. Opprykket kan dei berre gløyme.
Publisert: 29.02.2016 kl 07:59
Han regner aldri med å bli rik på å forsyne små og store i Haram med sportsutstyr. For Per Arne Johansen (52) har sportsbutikken vorte ein livsstil.
Publisert: 27.02.2016 kl 10:41
Jamie Vardy kom frå det store djupet, og har tatt Premier League med storm. Skal vi tru odds frå spelselskapet Betsson, kan tidlegare BIL-spiss Carl Björk bli ein liknande eventyr-historie.
Publisert: 24.02.2016 kl 14:00
Til sommaren står den nye tribuna på Brattvåg Stadion ferdig, og då kan ein stad mellom 500-800 menneske sjå fotball fri for regn og ikkje minst dei evigvarande vindkasta kring stadion.
Publisert: 22.02.2016 kl 08:30
17-åringane Håkon Leine og Ådne Hellandsvik står framføre ein sesong, der kampkvardagen enten vert mot lag som Hønefoss og HamKam eller Åram/ Van. Kam og Giske.
Publisert: 19.02.2016 kl 12:04
Skodje-jenta Kristine Leine er ikkje med i den norske A-troppen til EM-kvalikken i Nederland, men vert i staden å finne på La Manga med U23-landslaget neste månad.
Publisert: 16.02.2016 kl 11:11
Samarbeidslaget Norborg/Ravn/Harøy vann 3-2 mot Langevåg søndag, og er klare for spel i 1. divisjon for G19-lag.
Publisert: 15.02.2016 kl 08:56
Brattvåg Svømmeklubb sparka godt frå seg i bassenget under det store målet for sesongen - LÅMØ i Levanger i helga.
Publisert: 07.02.2016 kl 14:20
Linnea Alvilde Espeseth spelte 12 kampar sist laurdag under Krinsmeisterskapen i badminton. 11-åringen tapte ikkje eit einaste sett og tok heim tre KM-pokalar.
Publisert: 28.01.2016 kl 08:25
BIL får 421 000 kroner i reisestøtte frå Norges Fotballforbund (NFF). Berre Mo fekk meir.
Publisert: 27.01.2016 kl 09:39
Brattvåg spelte ein god treningskamp i 70 minutt, men ein passiv opning på kvar av omgangane gav 1-3 tap borte mot Tippeliga-laget AaFK.
Publisert: 11.01.2016 kl 09:05
BIL drar ikkje på treningsleir i vinter, og satsar på å øve seg mot regional og lokal motstand inn mot sesongstarten i 2. divisjon 9. april.
Publisert: 05.01.2016 kl 09:45
Dei lokale fotballegendene Prim makta ikkje å ta sin fjerde strake siger i Brattvåg sin romjulsturnering. I staden var det ”kjøpelaget” Team Rekdal som stakk av med bøtta.
Publisert: 19.12.2015 kl 18:20
Terminlista for komande fotballsesong syner at både Norborg og Skodje opnar på heimebane 14. april.
Til fotballsesongen 2016 er Harøy attende i seriesystemet.
Publisert: 10.12.2015 kl 08:28
Laurdag kan Ravn og Brattvåg vinne kvar sin pris under Sunnmøre Fotballkrets (SFK) sin fotballgalla.
Publisert: 07.12.2015 kl 09:38
Sist veke var det tid for gradering i taekwondo-klubbane til Haram og Harøy. For nokre eit steg på vegen mot sort belte. For andre er treninga og det sosiale viktigast.
Publisert: 02.12.2015 kl 08:23
AaFK2 er opprykksfavoritt, medan Spjelkavik er blant outsiderane til å truge dei oransje i 3. divisjon neste år.
Publisert: 01.12.2015 kl 20:22
155 festkledde menneske var laurdag med å feire den fortsatt vitale 75-åringen Brattvåg IL på Ingebrigt Davik-huset.