Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Publisert: 26.10.2018 kl 08:00
Valstyret i nye Ålesund foreslår å redusere talet på stemmekrinsar frå 24 til 14 ved kommune- og fylkestingsvalet i 2019.
Publisert: 23.10.2018 kl 16:51
Den tyske tradisjonen der ein lar ølet skumme og ein kler seg i tyrolarhattar, lederhosen og flotte drakter har inntatt Norge med storm dei seinare åra. Så også i Brattvåg, der Brattvåg janitsjar ser ut til å ha fått til eit populært arrangement.
Publisert: 22.10.2018 kl 15:44 - Oppdatert: 22.10.2018 kl 19:00
I helga arrangerte Brattvåg IL loppemarknad i Brattvåg-hallen. Leiar i klubben, Jørgen Ove Havnsund, er godt fornøgd både med oppmøtet og innteninga.
Publisert: 18.10.2018 kl 07:45 - Oppdatert: 18.10.2018 kl 09:43
Silje Mathisen frå Grytastranda elskar å pusse opp. Ein gammal draum har gått i oppfylling når ho no har starta firmaet Mer Hjem AS, der ho tek på seg alt innan oppussing, og gir råd om interiør og design.
Publisert: 17.10.2018 kl 15:46 - Oppdatert: 19.10.2018 kl 10:57
Henrik Hoff er nytilsett dagleg leiar i Brattvåg IL. Han har så langt fått eit godt inntrykk av klubben, men saknar eit miljø av eldre spelerar og andre som stikk oppom og tek ein kaffikopp og som kan bidra med oppgåver knytt opp mot klubben.
Publisert: 16.10.2018 kl 16:51
I 2019 er det 100 år sidan den første Seir vart sett på havet. 99 år seinare står reiarlaget frå Grytastranda klar med ein flunkande ny og toppmoderne autolinebåt.
Publisert: 11.10.2018 kl 15:54 - Oppdatert: 11.10.2018 kl 19:59
Torbjørn Sønderland, som eig og driv Stall Skjeljavika med nærmare 40 islandshestar utanfor Brattvåg, har aldri opplevd å slå markane så seint som i midten av oktober før. At han får slått graset no er ein ekstra bonus.
Publisert: 11.10.2018 kl 08:26
Malin Nygård er ei tøff ung dame som ikkje er redd verken for å ta i eit tak eller å bli skiten på fingrane. Men det kan ho heller ikkje vere når ho siktar seg inn på ei framtid som maskinist.
Publisert: 10.10.2018 kl 11:19
Sist fredag opna Rattana take away og catering på Grytastranda. Bak føretaket står Rattana Risnes frå Brattvåg.
Publisert: 09.10.2018 kl 10:53
Terje Otterlei, dagleg leiar i Brattvåg vassverk, er frustrert over at ein ikkje har kom ei gong med å få skifte ut vassleidningane som går gjennom Storgata i Brattvåg. No opplever ein det 5. vassbrotet i gata på berre nokre år.
Publisert: 04.10.2018 kl 09:28 - Oppdatert: 04.10.2018 kl 10:46
Åtte av dei ti stabs- og kommunalsjefane i nye Ålesund er på plass. To stillingar blir utlyst eksternt i oktober.
Publisert: 04.10.2018 kl 09:14 - Oppdatert: 04.10.2018 kl 09:15
Etter at jordlova blei endra i 2008, vart det driveplikt på all dyrka jord. Krava for at driveplikta skal oppfyl-last, er enten at eigaren driv sjølv, eller at han leiger vekk jorda til andre i ein periode på ti år. Minste-målet for driveplikt er fem ekar.
Publisert: 25.09.2018 kl 09:04 - Oppdatert: 25.09.2018 kl 09:28
Kommunestyret har vedtatt å sette av ytterlegare kr 100 million som skal gå til å dekke eit låneopptak i Møre og Romsdal fylkeskommune i samband med bygginga av Nordøyvegen.
Publisert: 23.09.2018 kl 09:00
Debatten om vegnamn nådde kokepunktet under kommunestyremøtet torsdag då Arnt-Ove Tenfjord (KrF) ikkje berre ville ha Flemsvegen i staden for Uravegen, men i tillegg meinte det var på tide at Skuløy/Flemsøy får namnet Flemsøy.
Publisert: 20.09.2018 kl 20:17 - Oppdatert: 20.09.2018 kl 21:42
Det er meldt om brann i Storgata i Brattvåg, ifølgje Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.
Publisert: 20.09.2018 kl 19:24 - Oppdatert: 20.09.2018 kl 21:48
Det er ikkje kvar dag det er applaus i kommunestyresalen på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. Men det vart det i dag då kommunestyret einstemmig vedtok å gi tilskot til å starte opp montessoribarnehage på Grytastranda.
Publisert: 17.09.2018 kl 12:01 - Oppdatert: 20.09.2018 kl 22:15
Konkurransen om å teikne kommunevåpenet til nye Ålesund kommune er i gong.
Publisert: 11.09.2018 kl 09:08 - Oppdatert: 11.09.2018 kl 09:12
Det var ordførar Vebjørn Krogsæter som lanserte ideen om at kommunehuset kan gjerast om til bustadar då han orienterte Eldrerådet om bustadutbygging for eldre i Haram.
Publisert: 10.09.2018 kl 15:42
Ewa Hildre (H) og Svein Harsjøen (Frp) ønsker å bruke midlane til å styrke symjeopplæringa for barn og unge, auke meirtilskotet til idrettslaga, samt engasjere ein eigen konsulent som skal arbeide for ny lokal kystsoneplan.
Publisert: 10.09.2018 kl 09:59 - Oppdatert: 10.09.2018 kl 10:50
Rådmann Turid Hanken har kome med framlegg til formannskapet der ho ber dei seie ja til å dekke eit nytt låneopptak på 100 millionar kroner til fylkeskommunen for å kunne bygge Nordøyvegen etter kostnadssprekken.
Publisert: 06.09.2018 kl 15:22
Styret i Hildre Montessoriskule har vedtatt å kjøpe skulen på Hildre for 2,5 million, slik tilbodet frå kommunen lyder på.
Publisert: 31.08.2018 kl 11:27 - Oppdatert: 31.08.2018 kl 14:15
Haram formannskap gjekk imot å gi driftstilskot til oppstart av ny montessoribarnehage på Grytestranda.
Publisert: 26.08.2018 kl 15:02 - Oppdatert: 26.08.2018 kl 16:01
Ved hjelp av slepebåtar er Aker Biomarine sin 130 meter lange krillbåt på veg inn til skipsverftet i Brattvåg søndag.
Publisert: 22.08.2018 kl 11:35 - Oppdatert: 23.08.2018 kl 15:56
Ting har blitt kasta i golvet med stor kraft, det har vore romstering og kraftig banking ulike stadar i huset, i løa har verktøy blitt flytta for så å bli lagt tilbake igjen, og nokon insisterer på at lyset i huset til ei kvar tid skal vere på.
Publisert: 17.08.2018 kl 13:38 - Oppdatert: 21.08.2018 kl 13:02
Førstkomande måndag blir den første storsamlinga for dei fem ungdomsråda i kommunane som skal danne nye Ålesund.