Tips oss:
Tips
416 80 550
Kontakt
Publisert: 02.06.2021 kl 06:00
Nei til vindkraft på Haramsøya har endå ikkje bestemt seg heilt for om dei skal anke rettsaka som dei tapte tidlegare i mai.
Publisert: 01.06.2021 kl 16:40 - Oppdatert: 01.06.2021 kl 16:41
Naudetatane rykka tysdag ettermiddag ut til ei trafikkulykke i Eidsvika.
Publisert: 01.06.2021 kl 13:45
Det er varsla vidare opptrapping i streiken for UNIO-medlemmar frå onsdag 2. juni. Om lag 1 000 tilsette i Ålesund kommune er tatt ut i streik og det vil ramme vidare opplæring, barnehagar, og helsetenesta.
Publisert: 01.06.2021 kl 10:07
Ålesund kommune fekk måndag kveld stadfesta smitte med koronavirus hos ein person.
Publisert: 01.06.2021 kl 09:20
Første turbinen, med både stamme, rotor og turbinblad, har i løpet av helga kome opp på Haramsfjellet.
Publisert: 01.06.2021 kl 09:00 - Oppdatert: 01.06.2021 kl 09:00
Tysdag kveld arrangerer folkeaksjon Haram ut av Ålesund debattmøte på Ingebrigt Davik-Huset i Brattvåg.
Publisert: 31.05.2021 kl 14:00
Haram kulturhistoriske lag gir ut bok om Sevrin Skjelten. Det er hovudpersonen sjølv som har skrive det meste av manuset om det spennande og innhaldsrike livewt hans, samt utvikling i nærmiljøet.
Publisert: 31.05.2021 kl 06:15 - Oppdatert: 31.05.2021 kl 10:00
– 27. oktober hadde eg første pasienten i stolen, fortel Svein Hellandsvik, som i 1999 starta tannlegepraksis med kommunen som aksjonær.
Publisert: 31.05.2021 kl 06:00
SpareBank 1 SMN har for andre år på rad bidrege med lønstilskot til bedrifter i Midt-Norge, slik at dei lettare kan ta imot ungdommar som ønsker sommarjobb.
Publisert: 30.05.2021 kl 09:47
Ein bil har i morgontimane søndag køyrd av vegen i Nakkedalen.
Publisert: 30.05.2021 kl 06:00
Tannlegeekteparet ved Brattvåg tannhelse AS har investert 1,5 million kroner i nytt avansert utstyr for å tilby folk topp moderne og komplett tannbehandling i Brattvåg.
Publisert: 29.05.2021 kl 10:25
Veke 22 blir den mest omfattande i vaksinasjonsprogrammet så langt i Ålesund. Kommunen skal sette totalt 4.518 dosar Comirnaty-vaksiner frå Pfizer/BioNTech.
Publisert: 28.05.2021 kl 19:00 - Oppdatert: 21.06.2021 kl 08:42
For at ungdom skal halde fram med å bu på Nordøyane treng ein god samferdsel, arbeidsplassar og skule. I tillegg er Nordøyvegen heilt avgjerande.
Publisert: 28.05.2021 kl 15:24
Ålesund Sp kan opplevast utanfrå som ei sprikande bør av staur, som veivar rundt og treff alle. Då er det ikkje lett å vere vegvisar.
Publisert: 28.05.2021 kl 15:20 - Oppdatert: 28.05.2021 kl 15:41
Organsasjonen «Haram ut av Ålesund» er etablert. Denne folkeaksjonen kan vere haramsborgarane si gyldne mulegheit til å kome seg ut av tvangsekteskapet med tidlegare Ålesund, Skodje, Sandøy og Ørskog.
Publisert: 28.05.2021 kl 13:21
Ålesund, Sula og Giske kjem i dag med ei ny lokal forskrift. Her kjem nokre lette og det er no tillate med aktivitet for barn på tvers av kommunegrensene.
Publisert: 28.05.2021 kl 06:05
Maria Vatnehol med band er klar for Eidsvikafestivalen 19. juni.
Publisert: 28.05.2021 kl 06:00 - Oppdatert: 28.05.2021 kl 08:24
Natt til torsdag 27. mai, gikk fagorganiserte ved Unio ut i streik. Dette medfører at omlag 7 800 tilsette innan helsesektoren, utdanningssektoren, barnehagar og andre kommunale tenester ikkje møter til arbeid.
Publisert: 27.05.2021 kl 14:25 - Oppdatert: 27.05.2021 kl 15:01
Om lag 40 personar, i hovudsak lærarar og helsearbeiarar, frå tidlegare Haram vart frå torsdag morgon teke ut i streik.
Publisert: 27.05.2021 kl 09:00
Folkeaksjonen «Haram ut av Ålesund» får full støtte frå senterpartipolitikar Lisa Alvestad. Ho meiner det er nettopp ei slik folkerøysting som skal til dersom ein ønsker å lausrive tidlegare Haram frå Ålesund.
Publisert: 27.05.2021 kl 06:00
«Haram ut av Ålesund» er namnet på den nystarta organisasjonen som vil reversere tvangssamanslåinga med Ålesund.
Publisert: 25.05.2021 kl 21:27
Kriseleiinga i Ålesund, Sula og Giske har tysdag bestemt å forlenge den lokale forskrifta fram til midnatt fredag 28. mai.
Publisert: 25.05.2021 kl 06:00
Lisa Alvestad (Sp) har sendt følgjande grunngjeve spørsmål til ordføraren i kommunestyremøte torsdag 27. mai:
Publisert: 24.05.2021 kl 19:21
Det er den britiske mutanten av koronavirus som stort sett har herja både i Ålesund og nasjonalt sidan påsketider.
Publisert: 24.05.2021 kl 19:20
Kriseleiinga i Ålesund kommune har vedteke å innføre raudt nivå på fire vidaregåande skular.