Artikler av Hilde Beate Ellingsæter
Publisert: 12.02.2021 kl 18:19
Under årsmøte i Rødt 6. februar vart Frank-Robert Estilrønningen frå Brattvåg er valt til ny leiar i Rødt Ålesund. Han tek over leiarvervet etter Janita Kvistad.
Publisert: 12.02.2021 kl 18:18
Sparebanken Møre legg bak seg eit år med høg aktivitet og styrka marknadsposisjon. Foreløpige regnskapstall for 2020 viser eit årsresultat etter skatt på 567 millionar kroner, mot 711 millionar kroner i 2019.
Publisert: 12.02.2021 kl 18:03
Onsdag signerte Haram Bygdebok AS og Stiftinga Musea på Sunnmøre avtale om skriving av allmennsogedelen i tre band i bygdebokserien for tidlegare Haram kommune.
Publisert: 12.02.2021 kl 11:00 - Oppdatert: 15.02.2021 kl 09:11
Ho kallar seg rotlaus og litt lat. Likar ikkje å gå tur eller invitere på middag. Men hjartet hennar er stort og respekten for det ekte mennesket er ei livslære Kine Blokhus lever etter.
Publisert: 12.02.2021 kl 06:00
LHL lanserer i desse dagar Hjertekampen og inviterer alle til å bli med på ei nasjonal kampanje for betre folkehelse.
Publisert: 11.02.2021 kl 19:00
Randi Walderhaug Frisvoll (KrF) er lei av svarte skjermar, og ikkje kunne sjå andre representantar enn dei som har ordet på kommunestyremøta. Ho ber derfor den politiske leiinga ordne det slik at ein får sjå alle representantane på skjerm i Teams på komande kommunestyremøte.
Publisert: 11.02.2021 kl 14:55 - Oppdatert: 12.03.2021 kl 12:40
Ålesund kommune fekk onsdag kveld og i dag torsdag 11. februar meldt tre nye koronasmitta.
Publisert: 11.02.2021 kl 06:00 - Oppdatert: 15.02.2021 kl 09:18
Sjølv om partiprogrammet ikkje er vedteke endå, garanterer Heidi Greni, kommunalpolitisk talskvinne i Sp, at partiet vil gå inn for at tvangssamanslåtte kommunar kan få lausriving.
Publisert: 10.02.2021 kl 20:05 - Oppdatert: 12.03.2021 kl 12:40
Ålesund kommune fekk onsdag ettermiddag, 10. februar, melding om at ein person som er i innreisekarantene i samband med mønstring på skip har testa positivt for koronavirus.
Publisert: 10.02.2021 kl 20:00 - Oppdatert: 15.02.2021 kl 09:12
Flotte skispor rundt Synnalandsvatnet. Stjerneklart og minus 11 grader... Det får fram heile følelsesregisteret altså.
Publisert: 10.02.2021 kl 19:00
Erling Skjelten feira sin 99-årsdag 9. februar. Same dagen fekk han si første korona-vaksine ved Brattvåg legekontor.
Publisert: 10.02.2021 kl 15:00
På Fjørtoft manglar ei vegstrekning i Nordøyvegprosjektet namn, og Møre og Romsdal fylkeskommune ber om forslag.
Publisert: 10.02.2021 kl 12:28
Nordøy Il melder på si Facebook sida at dei er i gong med å lage skøytebane på parkeringsplas-sen ved Flem Sku-le/grendahuset.
Publisert: 10.02.2021 kl 09:42
Etter å ha vore i tvil om dei klarer å dekke kostnadane til rettsaka, har Nei til vindkraftverk på Haramsøy (NTVH) no bestemt seg for å gjennomføre hovudsøksmålet mot Staten om ugyldiggjering av vindkraftkonsesjonen på Haramsfjellet.
Publisert: 09.02.2021 kl 15:20 - Oppdatert: 09.02.2021 kl 15:23
Ålesund kommune har blitt ilagt ei bot på 250.000kroner for brot på forureininglova, som følgje av ulovleg handtering av CCA-impregnert trevirke i 2018.
Publisert: 09.02.2021 kl 13:01
Siv Katrin Ulla gir seg som leiar for Ålesund Ap. Ho overlet no stafettpinnen til Anne Berit Støyva Emblem.
Publisert: 09.02.2021 kl 10:01
Det er ikkje ofte at kong vinter sår sine fnugg i ein langvarig kald periode ute på Flemsøy/Skuløy, her kor den milde golfstraumen rår. Då er også Nordøy idrettslag på plass og set sine spor. Skispor.
Publisert: 09.02.2021 kl 06:00
Kuldegrader med vind og sol, men med flotte skiløyper, pølsegrilling og frisk luft. Litt kalde føter og hender får ein tåle på ein slik fin vintersøndag.
Publisert: 08.02.2021 kl 15:56
Ravn-isen opna fredag til glede for mange skøyteentusiastar. 7. klasse ved Tennfjord skule var heldige og fekk prøve isen før den offisielle opninga seinare på dagen.
Publisert: 08.02.2021 kl 14:00 - Oppdatert: 09.02.2021 kl 08:45
Nei til vindkraftverk på Haramsøy (NTVH) manglar så langt dei 1,5 millionane som skal til for å finansiere hovudsøksmålet mot Staten om ugyldiggjering av vindkraftkonsesjonen på Haramsfjellet.
Publisert: 07.02.2021 kl 22:25 - Oppdatert: 12.03.2021 kl 12:41
Seint laurdag kveld fekk Ålesund kommune meldt eitt nytt tilfelle av koronavirus.
Publisert: 07.02.2021 kl 06:00
Planane med det nye sjø- og sentrumsnære bustadområdet Brattvåg Brygge er i ferd med å ta form. Målet er å ha ei godkjent regulering klar på etter sommaren.
Publisert: 06.02.2021 kl 06:00
18. desember delopnar Nordøyvegen, slik at det blir muleg å køyre gratis frå fastlandet til Lepsøy, Haramsøy og Flemsøy/Skuløy. Mange spør seg då kva som då skjer med ferje- og hurtigbåttilbodet.
Publisert: 05.02.2021 kl 17:30 - Oppdatert: 08.02.2021 kl 14:40
I august i fjor vart ein mann skoten i låret av politiet under ein væpna aksjon i Brattvåg. Spesialeininga for politisaker har no konkludert med at politiet handla i naudverje og har derfor lagt vekk saka mot fire polititenestefolk.
Publisert: 05.02.2021 kl 17:08
Norled melder fredag ettermiddag om innstilte avgangar i rute 21.