Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
Planane om å innføre elektriske bilar i rallycross-VM er utsett til 2021. Det gir fabrikantane meir tid til å vurdere om dei vil vere med på elbil-satsinga.
ole.henrik.tveten@ntb.no/Bjorn.Ivar.Voll@npk.no
Publisert: 16.08.2018 kl 14:05
Det internasjonale motorsportforbundet (FIA) kom med nyheita torsdag.
Bilfabrikantar har fått ein ny frist til å bestemme seg for om dei vil binde seg til planane om elbilar i rallycross-VM. Den er sett til 29. mars 2019.
Det betyr at bilar som blir brukt i rallycross-VM i dag også blir brukt i 2019- og 2020-sesongen.
(©NPK)
Det blir jobba for å innføre elbilar i rallycross-VM, men det skjer tidlegast i 2021. Foto: Ned Alley / NTB scanpix