Klargjør siden...

Ingen skadd då fiskebåt gjekk på land i Austefjorden

Ingen kom til skade då ein fiskebåt gjekk på land Austefjorden ved Aurstad på Sunnmøre. Trålaren ligg halvvegs oppe på land med slagside.

- Trålaren har eit mannskap på fem, og ingen er komme til skade. Skroget ser ut til å vere heilt, og det er ingen lekkasjar, opplyser politiet i Møre og Romsdal.

- Meldaren har opplyst at trålaren er om lag 60-70 fot. Det ser ut som den har køyrd rett på land, seier operasjonsleiar John Bratland til NTB.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 6.31 tysdag morgon, men båten gjekk på land tre timar tidlegare, har mannskapet opplyst til politiet.

Båten ligg 6-7 meter frå land og ventar på flo sjø. Ei redningsskøyte er sendt til staden for å hjelpe til.

Båten var ifølgje Sunnmørsposten på fiske etter hestemakrell då den gjekk på land.

(©NPK)