Tips oss:
Tips
482 94 689
Kontakt
To timar på overtid vart arbeidsgjevarsida Finans Noreg einige med Finansforbundet, men meklinga med LO resulterte i at 1.200 medlemmer blir tekne ut i streik.
lone.martinsen@ntb.no/kirsten@npk.no
Publisert: 31.05.2018 kl 07:24
- Vi er veldig fornøgde med resultatet og at vi fekk mange krav innfridde, seier forbundsleiar Pål Adrian Hellman til NTB.
Blant anna nemner han kravet om at tilsette som har vore i foreldrepermisjon i minimum fem månader skal få minst eitt lønnstrinn når dei kjem tilbake. Han trekkjer også fram at lågaste trinn i lønnssystemet er fjerna.
Dei har også fått gjennomslag for at mellombelse tilsette direkte gjennom bedrifta etter tre månader skal ha same lønns- og arbeidsvilkår som fast tilsette.
- Det vil særleg vere gunstig for ungdommar og andre vikarar, seier Hellman.
Forbundsleiaren legg ikkje skjul på at forhandlingsprosessen har vore krevjande.
- Det har vore ei tøff mekling og det var tøft å måtte bryte, men samtidig har det vore framgang og optimisme, seier Hellman, som understrekar at dei er fornøgde med at det ikkje blir streik.
Også arbeidsgjevarsida Finans Noreg er fornøgde med å ha unngått storstreik.
- Vi vart einige om ei ansvarleg økonomisk ramme og har tatt viktige skritt for å modernisere tariffavtalen. Det er vi tilfredse med, seier arbeidslivsdirektør Runa Opdal Kerr i ei pressemelding.
LO, som ikkje kom til semje med arbeidsgjevarsida, tar ut rundt 1.200 medlemmer i streik frå klokka 08 torsdag morgon.
- Vi kravde rett til å opprette tariffavtale og det same tillegget ved tidlegpensjon som andre tilsette i privat og offentleg sektor har fått. Det var det ikkje mogleg å få Finans Noreg med på, derfor streikar vi, seier Peggy Hessen Følsvik, nestleiar i LO og forhandlingsleiar.
LO krev at deira forbund skal ha rett til å opprette tariffavtale i Finans Norges, men fekk ikkje kravet innfridd. I tillegg ønsker organisasjonen å sikre arbeidstakarar som sluttar etter fylte 62 år ein betre pensjon gjennom eit kronetillegg. - Dette er noko arbeidstakarane i alle dei andre oppgjera har fått, vi krev at dei tilsette i finansnæringa skal få det same, seier Følsvik.
Finans Noreg meiner dei strekte seg langt og understrekar at LOs krav er av svært prinsipiell karakter.
- LOs krav om tariffavtale i heile finansnæringa er eit gammalt krav som det har vore jobba med lenge. Denne gongen strekte vi oss langt for å få til ei løysing, men det var dessverre ikkje nok for LO, seier arbeidslivsdirektør Runa Opdal Kerr i ei pressemelding.
LO organiserer under 3,5 prosent av dei tilsette i finansnæringa og Kerr opplyser at streiken i mindre grad vil ramme bank- og forsikringskundar i Noreg, men vil ha betydelege konsekvensar for enkelte føretak der LO har eit større tal medlemmer.
Det kom ikkje noko lønnstilbod på bordet under meklinga.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix