Integreringsministeren seier nei til imamutdanning i Noreg

Regjeringa vart i 2015 pålagt å greie ut moglegheita for ei utdanning av imamar og religiøse leiarar. No seier kunnskaps- og integreringsministeren nei.

«I departementets dialog med Det teologiske fakultet (TF) ved Universitetet i Oslo er det blitt klart at det ikke er aktuelt å opprette ein fullverdig imamutdanning nå» skriv Jan Tore Sanner (H) i eit brev til Stortinget, omtalt i Vårt Land.

Sanner understrekar at «det er vanskeleg å bygge opp ein felles imamutdanning som vil kunne dekke behovene for alle muslimske trosretninger».

Men sjølv om imamutdanninga blir skrinlagt har TF ifølgje avisa fått fem millionar kroner til å utvikle og tilby det Sanner omtalar som «en fleksibel utdanning for religiøse ledere».

Venstre har i mange år kjempa for ei norsk utdanning av religiøse leiarar frå andre trussamfunn enn dei kristne. Under forhandlingane om integreringsforliket fekk partiet gjennomslag for forslaget, men sidan har lite skjedd.

Våren 2016 låg forslaget først hos dåverande innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp). Ho kunngjorde seinare at saka var sendt vidare til Kulturdepartementet og Linda Hofstad Helleland (H). Det var til slutt Sanner som stod for behandlinga.

Regjeringspartia har også tidlegare vore kritisk til ei eiga utdanning for imamar. Frp stemte imot då forslaget var oppe i Stortinget i 2010, mens kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i 2015 uttrykte klar skepsis til ein slik idé.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Annonse
Annonse